Diskusjon:Fjernsynskanalar i Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg forstår det slik at denne sida skal liste fjernsynskanalar som er norske, ikkje fjernsynskanalar som er tilgjengeleg i Noreg. Sveriges television er til dømes ein svensk fjernsynselskap, som dessutan særs få har tilgang til. --Anders 14:44, 19 november 2007 (CET)

Einig. TV3 er eit tvilsfall, forresten. -- Olve 14:51, 19 november 2007 (CET)
Eigentleg skal vel TV3 ikkje vera med, mebn ettersom det er slik ein klar måte å ommgå norsk lov på er det jo interessant også ut i frå vinkelen «norsk fjernsynskanal». --Ekko 14:56, 19 november 2007 (CET)

Etter vel eit år har eg skifta tanke, det er vel artikkelen som ligg under feilt namn? Den engelske artikkelen heiter "Television in Norway" (Televisjon i Noreg) og listar ein heil bråte med norske og utanlandske fjernsynskanalar tilgjengeleg i Noreg (som forøvrig bokmålsartikkelen og gjer). Eg føreslår difor at ein flyttar artikkelen til "Fjernsynskanalar i Noreg" Anders 4. februar 2009 kl. 19:40 (CET)[svar]

Ein kan få inn fleire hundre kanalar i Noreg om ein reknar med alle satellitt- og internettkanalane. Denne artikkelen reknar opp nokre få av desse, utan å spesifisera om dei er tilgjengelege via satellitt eller internett. For sattelittkanalar bør òg gje opp posisjon til sattelitten og dekningsområde, kva kanalar som vert sendt, språk og så vidare. Det er forresten omtrent umuleg å halda ei slik liste oppdatert, etter som kanalar kjem og forsvinn svært snøgt. Ei av dei mest oppdaterte listene er denne: http://www.telesatellite.com/satellites/. --Sigmundg (diskusjon) 11. august 2013 kl. 20:55 (CEST)[svar]

Norsk tekst og/elelr tale?[endre wikiteksten]

Har alle kanalane lista under «Utanlandske kanalar med norsk tekst eller tale» verkeleg norsk tekst eller tale? Slike lister vart fort utdaterte og det ser ikkje ut som denne lista har vore oppdatert i det siste. --Sigmundg (diskusjon) 11. august 2013 kl. 21:54 (CEST)[svar]