Diskusjon:Flora i botanikken

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Flora)

Slik søkjevindauget fungerer, er det ein fordel å begynne med det interessante ordet, i dette tilfellet Flora. Men om Flora i botanikken eller Flora (fleirtyding) er det beste, er eg usikker på. --Knut 16. januar 2011 kl. 23:25 (CET)[svar]

Vi får følge retningslinene frå wikipedia http://en.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Disambiguation
Då må det altså bli slik det er. Flora i botanikken er ikkje i samsvar med retningslinene. --Thesam 16. januar 2011 kl. 23:30 (CET)[svar]
Det er mange grunnar for å velje den praksisen dei brukar på engelsk, bokmål og sikkert veldig mange andre wikipediaer. Men ein gong lenge før eg begynte å skrive på nynorsk wikipedia, vart dei aktive brukarane her samde om å gjere det slik vi gjer det no. Sjølvsagt kan ein diskutere eit slikt spørsmål på nytt. Eller ein kan tilpasse seg, slik eg har gjort :-) - Knut 16. januar 2011 kl. 23:44 (CET)[svar]
Engelsk Wikipedia har to gode grunnar: Engelske oppslagsverk har drive med slike parentesar for å «disambiguera» i lang tid og det finst ikkje noko betre alternativ på engelsk. Viss du skulle skilja mellom to personar med same namn kunne du til dømes seia «John Smith, the actor» og «John Smith, the piano player»). Norske leksikon har ikkje hatt ein slik praksis (sjå til dømes i Store Norske Leksikon) og det norske språket gjer det mogleg å skilja mellom to med like namn gjennom å seia til dømes «skodespelaren Ola Normann» og «felespelaren Ola Normann». Fordelen med dette er at det òg skaper ein tittel på rett norsk står over artikkelen og kan siterast. --Ranveig 17. januar 2011 kl. 00:31 (CET)[svar]
Ein kommentar til første innlegg frå Knut: Søkevindauget viser også omdirigeringar, så viss artikkelopprettaren har gjort jobben sin med å laga slike, burde ein finna artikkelen same korleis ein søker (bortsett frå om ein skriv feil, då). --Ranveig 17. januar 2011 kl. 00:31 (CET)[svar]