Diskusjon:For Bygd og By

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noko av det som står om "For Bygd og By" må vera feil, sjølv om det kjem frå Norsk Allkunnebok – Bind IV. (Oslo: Fonna Forlag, 1953). Det står at bladet kom ut frå 1912 til 1932, mem eg har eit blad frå 22.juli 1942. Nr. 13 - 14, 34.årgang. Der står det: Månadskrift for norske heimar. Kjem ut i Bergen kvar 14.dag. Bladstyrar: Fru Ingeborg Skre Stormsgt.3, Postboks 222, Bergen. Foretningsførar: Magnus Tveiten, Edvardsensgt. 20. Postboks 222. Telefon: 10848. Prenta i L/L Øens Prenteverk, Førde. Pris 40 øyre pr. nr., 2.50 pr. kv., 10 kr. året.

Er det nokon som kan meir om dette?--88.88.162.100 19. februar 2011 kl. 00:54 (CET)[svar]

I fylgje databasen til Nasjonalbiblioteket kom ikkje bladet ut mellom 1933 og 1939 og i 1944, og gjekk inn i 1946. Sjå: http://www.nb.no/utlevering/nb/0ebccf79cb1e7fc313dd24500a58ef80
Kanskje var det ikkje same nok bladet for Norsk Allkunnebok? Men tydelegvis same nok for Nasjonalbiblioteket? --46.212.102.8 19. februar 2011 kl. 01:45 (CET)[svar]
Søkte meir i databasen til Nasjonalbiblioteket, men finn ikkje særleg med omtale av bladet 39-46. Det står t.d. ikkje noko om det i Nynorsk Faktabok, men det er omtala i Einar Økland sitt etterord til Jakob Sande: Dikt i samling. Økland ser også ut til å omtale 39-46-bladet i Måne over Valestrand. Når ein søkjer får ein opp «...krigsåra og i ein kort periode etter krigen. Det heitte For bygd og by og var tenkt som eit framhald av Norlis storslegne familieblad...», men den boka er ikkje digitalisert, så ein må ha tak i boka for å få med seg resten. Og Olav H. Hauge fekk dikt prenta i bladet, så at Nynorsk Faktabok ser ut til å ikkje omtale det er rart, og må vere ei forgløyming? Eg finn ikkje bladet omtala i Ottar Grepstads Vilje til språk heller, men den boka har så dårleg register at ein må lese heile boka for å vere sikker på kva som ikkje er der.
Så det ser ut til at bladnamnet 39-46 er For bygd og by, mot For Bygd og By tidlegare, men utgjevarane i Fana har tydeleg meint at det var ei fortsetjing av bladet som slutta kome ut i 1932, sidan dei har fortsett årgangsnummereringa i samsvar med FBoB. Av ein eller annan grunn vert ikkje 1939-46-bladet omtala i Norsk Allkunnebok, og dette forplantar seg moglegvis til Ottar Grepstad sine bøker om nynorsken. --178.232.165.26 19. februar 2011 kl. 12:34 (CET)[svar]