Diskusjon:Forvelling

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen lenkjer til en:parboiling. Eg meiner at dette er misvisande: Forvelling inneber oppkoking og deretter rask avkjøling ("forskrekking") i isvatn [1], medan en. skriv om parboiling: parboiling skil seg frå blansjering ved at ein ikkje avkjøler varene i vatn eller isvatn etter at dei er tekne ut av kokevatnet (mi oversetjing). Altså må det vere snakk om forskjellige teknikkar. Er det mogleg å fjerne denne interwikilenkja?

Eg er litt usikker. Verken Nynorskordboka eller SNL nemner nedkjøling som ein nødvendig del av forvelling, medan artikkelen om blanching på en: nemner at «blanching» også kan visa til oppkoking utan nedkjøling. Denne artikkelen har lenkje til no:blanchering, som handlar om «blanchering eller forvelling». Dette ser ut som eit resultat av mange kokkar. Men om du vil prøva å få styr på wikilenkjene, ligg dei her og her. --Ranveig (diskusjon) 1. september 2013 kl. 17:28 (CEST)[svar]
Tja. No er det sjeldan eg plar bruke SNL eller nynorskordboka som kokebøker, men både Opplysningskontoret for frukt og grønt og Ingrid Espelid Hovig (Hovig 1995, s683) skriv at ved forvelling skal varene avkjølast raskt i kaldt vatn, helst med isbitar i.
Denne artikkelen handlar om parboiling, noko vi ikkje har noko godt omgrep for på norsk. SNL brukar parboiling om denne prosessen i artikkelen om ris. Ei mogleg løysing kunne vere anten å slette denne artikkelen eller å flytte han til parboiling og så håpe at nokon opprettar ein ny artikkel om forvelling, som til dømes kunne handle om nettopp det.


Hovig, Ingrid Espelid, red. (1995 (norsk utgave)). Den nye rutete kokeboken. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-22391-2.