Diskusjon:Fredrik Gustavsen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Her er det noko rart, han er oppført som leiar samstundes med Unn Catodotter Fyllingsnes. Det r mykje personkarakteristikkar i desse artiklane. Er det nokon i Målungdomen somtar fram gamle fraksjonskampar om dagen? --Ekko 11:35, 6 april 2007 (CEST)

Eg trur han var landsmøtevald leiar, men ho tok over i løpet av perioden. Men eg veit ikkje nok om detaljane til at eg kan konkretisera. Me kan spørja Marita. Eg synest ikkje dei tinga som sto her var noko meir subjektive eller uviktige enn mange andre ting som står i artiklar om ungdomspolitikarar og liknande. --Tannkrem 12:05, 6 april 2007 (CEST)
Tja: Han starta mellom anna "Slepp Nynorsken til!"-kampanjen, var ein sterk forkjempar for offensive skulemålsrøystingar er vel litt kampanje- og skryt-prega? Ein leiar startar vel ikkje ein slik kampanje ålleine, det er vel snakk om vedtak i sentrale organisasjonsledd? Og det andre er vel vurderingar som ikkje høyrer heime her, i alle fall ikkje utan kjelder? Og tilsvarande i dei andre artiklane om leiarar i malungdomen. --Ekko 13:03, 6 april 2007 (CEST)
Fleire døme: Ho dreiv også organisasjonen framover gjennom ein særs dyktig leiarstil. Ho har mange konferansar bak seg, og vart oppfatta som ein særs handlekraftig leiar. frå artikkelen om Astrid Sverresdotter Dypvik. --Ekko 13:35, 6 april 2007 (CEST)
Eg ser ikkje noko problem med at det står noko i artiklane om kvar enkelt sine kampsaker og kjepphestar. Men ting kan nok formulerast meir objektivt og faktaprega. Og sitatet frå Astrid-artikkelen er jo rein svada. --Tannkrem 13:44, 6 april 2007 (CEST)
Eg ser jo at det blir feil å trekke fram desse artiklane spesielt, men det er det same gamle: alt me skriv må kunne etterprøvast. --Ekko 17:47, 6 april 2007 (CEST)
Fredrik Gustavsen, eller Norsk Målungdom i hans leiartid, starta ikkje "Slepp nynorsken til"-kampanjen. Den vart lansert på landsmøtet til Noregs Mållag i 2005. Det var ein kampanje for å få nynorsk inn i Dagbladet medan Fredrik var leiar, men det var ein annan og mindre kampanje. Alle målungdomsleiarane dei siste tiåra - og for alt eg veit før det - har vore tilhengarar av offensive skulemålsrøystingar. Det har diverre ikkje vore nokon... Magnus 14:00, 9 april 2007 (CEST)

hei godtfolk. No har eg forhøyrd meg litt rundt. og so vidt eg har kome fram til so gjekk Fredrik av som leiar under perioden og nestleiar Unn tok over roret. -- Marita 17:20 9 april 2007 (CEST)