Diskusjon:Fusa kommune

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Fusa)

Det er greitt med litt moro på Wikipedia, men avsnittet om "Kongedømet Fusa" trur eg er for unyansert skrive. Slik det står no ser Fusa ut som eit norskt Baskarland, og det er vel ikkje meininga? I all vyrdnad for dette fredelege nabolandet bed eg ein med innsikt skriva om avsnittet ;) Jarle 16. feb 2005 kl. 1241 (UTC)

Kongedømet Fusa er eit kunstprosjekt. Sjå http://www.hundrearsmarkeringen.no/2005/kunst/fusa/fusakongen.htm Fusakongen er ein konge av regn, vått gras og kilowatt. Ein konge over små raude slåmaskiner og Sabbmotorar. Over busstopp, kvilesteinar, nedlagde posthus og dampskipsekspedisjonar. Konge over juletrefestar og helselagsbasarar. Over nylakka samfunnshusgolv og solide koppar av Figgjo fajanse. --Gunnernett 16. feb 2005 kl. 1339 (UTC)

Noreg har hatt småkongar før, og det står so vidt eg veit ikkje i noka lov at regionar ikkje kan ha eigne kongar eller dronningar og samstundes vera ein del av Noreg. Det finst heller inga lov mot å gje ut sin eigen valuta, slik Fusa har vald å gjera. Fusa er ikkje eit naboland; det er ikkje noko land i det heile tatt, men ein kommune og samstundes eit kongedømme.
--Verdlanco (diskusjon) 16. feb 2005 kl. 1719 (UTC)