Diskusjon:Fylke

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg meiner det meste av innhaldet i denne artikkelen burde stått i ein eigen artikkel for fylkeskommunen, slik det er på nb/no. Elles kjem skiljet mellom fylkeskommunen (kommune) og fylkesmannen (staten sin representant i fylke) veldig dårleg fram. Ok? --Erlend 4. jan. 2006 kl. 20:06 (UTC)

Eg har byrja på å skriva om fylkeskommune og fylkesmannen. Kom gjerne med endringar og tillegg --Gunnernett 5. jan. 2006 kl. 16:32 (UTC)

20 fylker?[endre wikiteksten]

På kartet er det ikkje noko fylke nummer 13, slik at det ser ut som det er 20 norske fylker... Glømte visst å signere... --Christie 21. mai 2006 kl. 16:15 (UTC)

Grunnen er at Bergen var nummer 13, men nummereringa er den same etter Bergen fylke blei slått saman med Hordaland fylke. --KRISTAGAα-ω 21. mai 2006 kl. 16:35 (UTC)

"Regjeringa skal sjå på korleis fylka fungerer i 2007".

Har det kommi noko nytt om dette? --Oddeivind 10. september 2008 kl. 10:18 (CEST)[svar]

Artikkelen må anten handla om norske fylke eller fylke generelt; interwikien her peikar til fylke generelt. No har me to artiklar om norske fylke, nemleg denne og Fylkeskommune. --Njardarlogar (ordskifte) 28. august 2012 kl. 17:29 (CEST)[svar]

Er ei salig blanding i interwikien ser det ut til. Det eg syns er vanskeleg eller som eg ikkje har forstått fullt ut er om fylke eigentleg kan nyttast som namn på undernasjonale område i andre land. Frankrike har minst tre nivå av undernasjonale område, kva av dei samsvarar fylke, om dei i det heile tatt gjer det? Det vil sikkert vere område som delvis tilsvarar fylke og delvis noko anna. Men i mangel på eit godt namn så er det kanskje best å skrive denne om til noko ala den engelske versjonen av County og behalde fylkeskommune, evt. fylke i Noreg. --Frokor (diskusjon) 28. august 2012 kl. 18:04 (CEST)[svar]
Det skal absolutt gjeva meining å ha ein artikkel om eit generelt omgrep «fylke»; særskilt den engelske artikkelen skal vera døme på dette. Å skriva om i retning den engelske artikkelen kan vera det beste; men ein lyt vel sjå opp for at det som kan verta sett om til engelsk som county kan henda vert sett om til noko anna enn fylke på norsk.
Det kan do vera at det er best at artikkelen som ligg på fylke handlar om det norske omgrepet, medan den som tek for seg fylkesinndelingar generelt ligg ein annan stad. --Njardarlogar (ordskifte) 29. august 2012 kl. 13:01 (CEST)[svar]