Diskusjon:Fyrug

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Høyrer vel meir heime i Wiktionary. stykkjet 19:42, 17 januar 2007 (CET)

Ordet finst dessutan ikkje i Norsk Ordbok eller Nynorskordboka. Bortsett frå Wikipedia gjer eit internett-søk berre treff på ei NRK-side. Med andre ord: her finst ikkje grunnlag for å seie at ordet finst. Skal dette vera med vil eg gjerne ha med mitt eige dialektord for "kjensla når ein nett har vakna, det er to timar for tidleg og eit glas for mykje": uggafyri. --Ekko 20:31, 17 januar 2007 (CET)
Eller travalarkje, ein ikkje spesielt hyggeleg fyr... --Frokor 20:37, 17 januar 2007 (CET)

Bør flyttast til fyrug eller fyrig. Elles er eg ikkje så sikker på om det er så gale å ha artiklar som (til å begynna med) er ordforklaringsartiklar — vanlege leksikon er fulle av slike. Spørsmålet her er om vi har som mål å likne Engelsk Wikipedia på den eine sida eller Norsk Allkunnebok og Store Norske Leksikon på den andre. Men dette er ein stor prinsippdiskusjon vi heller burde føre på Samfunnshuset. -- Olve 21:59, 17 januar 2007 (CET)

Eg reagerar mest på at det er ein artikkel det ikkje er mogeleg å få verifisert. Skal me verkeleg ha slike? --Ekko 23:14, 17 januar 2007 (CET)
Me skal ikkje har eksklusivt innhald/eiga forsking/ting som ikkje går å lese seg til andre stader enn her, det går ikkje saman med det at alle kan skrive her (anonymt). (Men det kan vel hende at dette let seg verifisere sjølv om det ikkje står i Norsk Ordbok eller Nynorskordboka, det er vel gjerne forska på, og skrive om, ordtilfanget i dialekten.)
Fyrug er som sagt verifisert — det står i Nynorskordboka. -- Olve 10:18, 18 januar 2007 (CET)
Eg tykkjer nn skal vere som andre Wikipediar, og soleis utan reine ordbokartiklar som fasong og brokskjelv.
Viss nokon vil lage ein oversiktsartikkel om nordmørske uttrykk og ord kan det vere greit, men då må desse orda vere dokumenterte einkvann stad, ikkje berre tekne frå eige hovud.--Jorunn 00:09, 18 januar 2007 (CET)
Eg har minst ti bøker om nordmøring i bokhyllene mine og mykje annan dialektlitteratur òg, så dette er ikkje nødvendigvis noko problem. Kan no forresten gjera merksam på at det ikkje var eg som oppretta nokon av desse artiklane — slik at den potensielle misforståinga er rydda or vegen. -- Olve 15:39, 18 januar 2007 (CET)
Det finst dessutan ordbøker tilgjengelege på nett, som er betre enn me nokon gong kan bli. Så da blir det jo litt bortkasta arbeide... Ekko 00:13, 18 januar 2007 (CET)
Eg er ikkje einig i at dei nødvendigvis alltid er betre enn vi nokon gong kan bli. -- Olve 15:39, 18 januar 2007 (CET)