Diskusjon:Gadolinium

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lantanid og gruppe 3[endre wikiteksten]

Sånn eg ser det høyrer ikkje lantanida og aktinida til nokon av gruppene (1-18) i periodesystemet. Gruppe 3 inneheld metalla scandium og yttrium. Av og til er lantan og actinium eller lutetium og lawrencium plassert her. Webelements oppgjev heller ikkje gruppenummer for lantanid og aktinid. Men i følge Geoff Rayner-Canham Descriptive Inorganic Chemistry, 2 ed. har både lantanida og grunnstoffa i gruppe 3 mykje felles og går ofte under namnet "sjeldne jordmetall" Aalen22x 5. feb 2005 kl. 1704 (UTC)

Så lenge lantanida og aktinida ligg mellom gruppe 2 og gruppe 4, kan eg ikkje sjå anna enn at dei høyrer til gruppe 3. Eller blir det for naivt? --Eddi (Snakk) 6. feb 2005 kl. 0351 (UTC)

Gruppene er dei loddrette kolonnene i periodesystemet. Grunnstoff i same gruppe har felles eigenskapar. Aktinid og Lantanid passar ikkje så godt inn i dette systemet, men er greie å plassera i periodane (6 og 7). Aalen22x 7. feb 2005 kl. 1014 (UTC)

Takk, gruppene kjenner eg. No er det vel ikkje så frykteleg viktig å ha med gruppenummeret til alle grunnstoffa, men når det først ser ut til å ha blitt standarden i desse artiklane så bør det nemnast at både gadolinium og dei andre lantanida har omtrent dei eigenskapane ein kan forventa i gruppe 3. Til dømes er 3 det absolutt vanlegaste oksidasjonstalet for lantanida, og med nokre få unntak har dei ganske like smeltepunkt og kokepunkt og tettleik. (Scandium og yttrium er mindre tette, men dei ligg òg i tidlegare periodar.) Lantanida passar i grunnen svært godt i dette systemet, og eg meiner det er rett og rimeleg å plassera gadolinium i gruppe 3. --Eddi (Snakk) 8. feb 2005 kl. 2324 (UTC)