Diskusjon:Gardsnummer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fletting av nærskylde emne gjer ikkje alltid leksikonet vårt meir brukarvennleg! I dette tilfellet kan ein flette, men det er ikkje opplagt at ein bør. --Knut 21:27, 24 mars 2008 (CET)

I dette tilfellet synest eg me bør. Det meste av informasjonen står likevel i den største artikkelen, og ingen av dei to små artiklane har potensiale til å verta særleg store. Då er det ein fordel for brukaren at informasjonen ligg i den same artikkelen. Eg har sjølv leitt etter informasjon her, og eg synest iallfall det er tungvint når emnet er så oppdelt. For min del kan me gjerne slå dei saman med matrikkel òg, men då må det jo skrivast om ein del. --Tannkrem 21:59, 24 mars 2008 (CET)
Vi har korte og greie artiklar om gardsnummer, bruksnummer og festenummer. For dei som lurer på kva eit festenummer er, bør det vere unødvendig å lese mykje om matrikkelgardar. Men dersom festenummer skal få ha sin eigen artikkel, bør òg bruksnummer og gardsummer har det. - Dette er eitt synspunkt. Kanskje andre er meir samde med fletteframlegget. Men hovudpoenget mitt er at vi berre bør endre på etablerte strukturar om det er ein klar fordel. Det er ikkje opplagt her. --Knut 16:04, 25 mars 2008 (CET)
Eg synest rett og slett ikkje at strukturen er god når me har tre små artiklar om det same emnet. Men om me ikkje vert einige så får eg vel berre leva med det. --Tannkrem 16:10, 25 mars 2008 (CET)