Diskusjon:Garpegenitiv

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Folkemålsnært?[endre wikiteksten]

"Folkemålsnært" er eit svært ideologisk lada omgrep. Eg kjenner meg ikkje mindre folkemålsnær sjølv om eg seier - og skriv - "bilen til Hans" i staden for "hans sin bil". Magnusbe

Du har heilt rett. No har eg endra ei setning som kunne mistydast. Håpar det hjelpte litt!
--Verdlanco (diskusjon) 27. jan 2005 kl. 0948 (UTC)
Heilt samd er eg vel framleis ikkje... Men dette med 'folkemål' er eit av dei store stridsspørsmåla. ::--Magnusbe 27. jan 2005 kl. 1009 (UTC)
Namnet «garpegenitiv» er innarbeidd og kan stå, men genitiv har vi altså ikkje i norsk, bortsett frå i relikt som til fjells. Trondtr 8. april 2006 kl. 21:54 (UTC).
Det er vel litt sterkt å seie at vi ikkje har genitiv i norsk... At genitiven som fullverdig og eintydig nominalkasus stort sett er avvikla i dei fleste former av norsk stemmer i og for seg. Men det er no vel rikeleg med eksempel frå ymse dialektar (særleg Vest-Telemark) til at vi kan seie at genitiven stort sett er forsvunnen på norsk snarare enn heilt forsvunnen eller berre til stades (! ;-P ) som relikt. Trur ikkje det skulle by på noko større problem å finne fram ein del hundre brukande genitivskonstruksjonar frå den genitivsbeskjedne nordmørsdialekten åleine. Nokre få eksempel: «Vi ska ha fisk te meddags frå edág test måndags. Græv-du te botnar, så finn-du grýn. Ga bære, ðú, estan-ass! Dæm kom aillstass-efrå fær å sjå na sö’n. Sauinn får gang på fjilla te haustainn, å så lýt-dæm vara ti fjøsa te vårainn.» Hovudtendensen i eldre nordmøring er at ein alltid har genitiv etter preposisjonen «te», og oftast etter preposisjonen «tes(t)» òg. Genitivsendinga er ikkje alltid -s, men er ofte -ar (særleg i hokjønn), -as/-os (i ubunde fleirtal) eller -ainn (i bunde fleirtal — rettnok mest i visse ord). I så måte er ikkje genitiven meir borte her enn lokativen i slaviske språk (som stort sett berre finst etter visse preposisjonar).
At ein på skriftnorsk av og til skriv «kongen av Sveriges bil» heller enn «kongens av Sverige bil» er uvedkommande som lakmustest for dialektar der ein ikkje seier nokon av delane, men heller seier «bí’ln-as svænskekongjen», «bí’ln åt svænskekongja» eller «svænskekongjen sinn bíl». -- Olve 9. april 2006 kl. 02:33 (UTC)
Vi diskuterer ulike språk her. Men den avgjerande skilnaden mellom russisk og vesttelemål er at du i russisk har lokativ for alle substantiv etter visse preposisjonar, mens du for vesttelemål har genitiv for visse substantiv etter visse preposisjonar, altså at vi har med stivna uttrykk å gjere. Den «genitiven» eg polemiserte mot var, som du sjølvsagt veit, «genitivs»-s-en, og genitiv er like mykje relikt i måndags, botnar som i «til fjells». Men for all del, få dei gjerne inn i artikkelen om norsk språk (eller helst i separate artiklar om vesttelemål og eldre nordmørsk).Trondtr 9. april 2006 kl. 15:09 (UTC).

Kva som kling godt[endre wikiteksten]

Det har vore diskutert kva som kling godt av eigedomsformer i nynorsk. Somme misliker all slags s-genitiv, medan andre skiljer mellom eigennamn (t.d. Ola, Noreg, NRK) og fellesnamn (t.d. skip, tre, hus). Olas bil / Ola sin bil / bilen til Ola / olabilen (?), Noregs mållag, NRKs styre / styret i NRK / styret til NRK / NRK-styret, skipets dekk / dekket på skipet / skipsdekket, treets topp / toppen på treet / tretoppen, husets herre / herren i huset. Kunne me ha skrive noko om dei ulike formene og kva som kling godt for ulike typar substantiv i ulike samanhengar? --Eddi (Snakk) 8. april 2006 kl. 22:25 (UTC)

Heller enn musikalske vurderingar hadde eg likt å sjå ein gjennomgang av faktisk språkbruk, t.d. frå Oslokorpuset. Trondtr 9. april 2006 kl. 15:09 (UTC).