Diskusjon:Geffen Records

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Når det ikkje står eit ord om kva verksemda har produsert, fortel ikkje artikkelen kva som gjer verksemda viktig. Eg ser ikkje at det kan vera «manglande slettegrunngjeving», og legg difor slettemerkinga inn att, så får dei som ikkje vil sletta artikkelen argumentera for det på vanleg måte. --Tannkrem 2. juli 2010 kl. 10:13 (CEST)[svar]

Artikkelen skal ikkje fortelja kva som gjer verksemda viktig [nok], han skal gje informasjon om ho. Hadde du teke fram papirutgåva av SNL hadde du lote vore ute med rettelakken tidt og ofte grunna mangel på informasjon om kvifor oppslagsordet er «viktig». Det er me som sit på sletteknappane eller personen som søkjer på oppslagsordet som skal veta kvifor oppslagsordet treng ein artikkel, ikkje artikkelteksten. --Harald Khan Ճ 2. juli 2010 kl. 14:26 (CEST)[svar]
Store norske leksikon har sannsynlegvis ikkje noko artikkel om denne verksemda (det har ikkje britannica.com ein gong), og om dei har det så står det truleg meir enn det som sto i denne artikkelen. Det at eit emne er omtala i snl, er i seg sjølv eit teikn på at emnet er viktig nok til at det bør stå i eit leksikon. Ein leksikonartikkel om eit plateselskap, der det ikkje står kva dei har gjeve ut, er ingen leksikonartikkel. Trur du nokon ville ha søkt på dette oppslagsordet utan at dei visste det var eit plateselskap? Når ein artikkel utan kjelder er slettemerka (med grunngjeving!), synest eg ikkje du skal fjerna det merket utan at du har betra det som er grunnlaget for sletteframlegget. Sjølv om du er ueinig.
Sjølvsagt må artiklane våre fortelja kva som er viktigast ved emnet me skriv artiklar om, det er hovudpoenget med eit leksikon! --Tannkrem 2. juli 2010 kl. 14:44 (CEST)[svar]
Ein artikkel skal nemna det viktigaste om eit oppslagsord, ja; og stod ikkje noko av det her, kan henda? Sjølv visste eg inkje om Geffen Records før eg kom over dette sletteframlegget; men her kunne eg lesa om både eigarskap, skipingshistoria og nasjonalitet. Her var/er eit stort betringspotensiale, absolutt, men eg ser ikkje noko grunnlag for eit sletteframlegg. --Harald Khan Ճ 2. juli 2010 kl. 15:05 (CEST)[svar]
Artikkelen er eit frø og bør utvidast. Ved å opne «Lenkjer hit», ser vi at det er ein del artiklar som lenkjer hit. Med andre ord er det verd å ta vare på han. -Knut 2. juli 2010 kl. 10:32 (CEST)[svar]