Diskusjon:Gentrifisering

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tanken er så langt råd å skriva om amerikanske døme til norske. Ekko 17. mai 2005 kl. 0544 (UTC)

Trur det er lurt å behalde i det minste nokre av dei (behald gjerne New York-bydelane og California, men dropp New Jersey, for eksempel), og heller leggje til fleire frå Skandinavia (Sverige og Danmark er absolutt relevante). -- Olve 17. mai 2005 kl. 0638 (UTC)
Min tanke òg! Grünerløkka må med (og ein referanse til Kampen, av di han er ein del av Kardemomme by), men eg vonar nokon med meir kunnskap kan føye til noko frå Trondheim eller Bergen. Skal ta nokre bilete frå Grünerløkka/Kampen til veka. Eg vil også gjerne ha med noko om politisk vedteke gentrifisering. Det finst gode døme frå t.d. USA, men det som skjer på Grønland i Oslo nett no er eit kjempedøme. Ekko 17. mai 2005 kl. 0659 (UTC)

Gentrification[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Guttorm 8. september 2005 kl. 20:37 (UTC)
Eg treng eit avløysarord for det engelske en:Gentrification, fenomenet der gamle arbeidarklassestrøk vert dyre område for øvre middelklasse. Gentrifikasjon er stygt og dårleg etter mi meining. Kan nokon hjelpe? Ekko 16. mai 2005 kl. 0715 (UTC)

Det spørs vel om me har eit betre ord på norsk. Eg tykkjer det høyres fint ut. :) Det har til og med vorte brukt i dikt på nynorsk: [1] ! Helsing frå Paddington i Sydney, ein særs gentrifisert bydel. Bjarte 16. mai 2005 kl. 1111 (UTC)
Ulempa er at gentrifikasjon ikkje seier noko som helst. Me kunne like gjerne sagt plurregratosaking. Kanskje det? Eller det småflåsete Grünerfisering? Ekko 16. mai 2005 kl. 1119 (UTC)
Grünerfisering vert vel litt vêl lokalt. Eg tykkjer ikkje det gjer noko at gentrifikasjon ikkje tydeleg seier noko. Det finst mange ord som i seg sjølv seier lite om ein ikkje har høyrt dei før. Ordet gentrification ser ut til å blitt funne på først på 60-talet, men kjem frå eit eldre ord "gentry" som tyder høgare sosial klasse, og som opprinneleg kjem frå gammal fransk. Det har same bakgrunn som ordet "gentle". [2]. Bjarte 16. mai 2005 kl. 1236 (UTC)
Jau, men er ikkje "gentry" opphaveleg lågare adel frå landsbygda? Og her er det jo snakk om ein urban prosess.
Og alt det pratet om bakgrunnen til ordet fekk meg til å tenkja meg om litt. Det er vanleg at ord som endar på -fication og som kjem frå -fy ord (modify, rectify --> modification, rectification) vert -ing på norsk (rektifisering, modifisering). Eit lite søk på Google ser ut til å støtta denne teorien: Google-søk på "gentrifisering", Google-søk på "gentrifikasjon". Sjå blant anna [3]. Eg stemmer for "gentrifisering", sidan det ser ut til å allereie vera eit etablert ord i norske akademiske krinsar. Bjarte 16. mai 2005 kl. 1241 (UTC)
Og di røyst vil bli rekna med. I ei meir alvorleg gate enn "Løkkafisering" tenkte eg på "re-urbanisering", avdi desse områda ofte har gått i gjennom ein periode med totalt forfall. Men det høver jo ikkje heilt etter norske tilhøve. Ekko 16. mai 2005 kl. 1341 (UTC)
Det mest veletablerte ordet for dette fenomenet på skandinavisk trur eg no er «byfornying» (nn) / «byfornyelse» (nb, da) / «stadsförnyelse» (sv). -- Olve 16. mai 2005 kl. 1817 (UTC)
Men byfornying handlar om det fysiske miljøet, "gentrifiseringa" handlar mest om sosiologi, kven som bur i husa. Ekko 16. mai 2005 kl. 1927 (UTC)
Nja... Det er kanskje slik at byfornyinga prøver å presentere seg slik (og derav pynteordet «byfornying»...). Men i praksis fører no oftast byfornying til høgare husleige og sterke endringar i kven som faktisk bur i området — sjå t.d. Grünerløkka i Oslo... Olve 16. mai 2005 kl. 2115 (UTC)
Jau, vi kalla det Byfordyringa, på 80-talet. Men elles, dersom ikkje min samfunnsgeografven kjem opp med noko betre på onsdag, så startar me vel på gentrifiseringa då. Så får me hellre døype om dersom nokon blir geniale. Ekko 16. mai 2005 kl. 2137 (UTC)
Det er no greitt nok. Men vi bør vel i så fall ha omdirigering dit frå «byfornying». Og gjerne frå «byfordyring» òg... :) Olve 16. mai 2005 kl. 2141 (UTC)

Artikkelen er lenkja til frå Dagbladet[endre wikiteksten]

Denne artikkelen er lenkja til frå artikkelen «Norges viktigste hasjmarked» i Dagbladet. --Jorunn 19:44, 2 februar 2007 (CET)

Ground rent og grunnrente[endre wikiteksten]

Til 84.48.216.78 som retta grunnrente til grunnleige avdi engelsk rent tydar leige og ikkje rente: I dette tilfellet gjer det faktisk det! På norsk er grunnrente eit etablert sosialøkonomisk omgrep, nynorskordboka gjev grunnrente (netto)inntekt ein får av å eige jord, altså avkasting på jorda ein eig. Av di inntekta ofte kjem inn som leige ("rent of land") har ein fått denne dobbelttydinga. --Ekko 19:19, 13 februar 2007 (CET)