Diskusjon:Georg Friedrich Händel

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg trudde Messias var det vanlege norske namnet på oratoriet? Hadde du Olve noko spesiell grunn til å nytta Messiah? Det såg litt rart ut for meg ;) Jarle 25. nov 2004 kl. 06:17 (UTC)


Ja, eg meiner at namnet på verket på originalspråket er det rette å bruka som utgangspunkt i leksikonformat — men ser at t.d. konsertprogram er ein annan sak... :) Det hører vel òg med til historia at Messias er den tyske tittelen og at ein i dag heller framfører den engelske originalteksten. Det bør sjølvsagt vera tilvisingar frå andre namneformer. På liknande vis kan vi ha Die Schöpfung (med tilvisingar frå The Creation og Skapelsen) av Franz Joseph Haydn; Die Jahreszeiten (med tilvisingar frå Årstidene og Dei fire årstidene) av Franz Joseph Haydn; Le quattro stagioni (med tilvisingar frå Årstidene og Dei fire årstidene) av Antonio Vivaldi. Meir nærliggjande eksempel kan elles vera The Celebrated Water Musick og Musick for the Royal Fireworks...

Likeleis, når vi lister opp dei skjønnlitterære verka åt ein forfattar så er originaltittelen betre som primær referanse enn den (dei?) norske omsetjinga (eller omsetjingane?). Dette er òg i tråd med vanlege reglar for bibliografioppsett som dei er brukte av norske universitetsbibliotek og av Nasjonalbiblioteket. Eksempel: The merchant of Venice (med norsk omsetjing i parentes) av William Shakespeare; Röda rummet av August Strindberg.

Om vi skal ha politikken å bruke norske namn på andsverk der slike omsetjingar finst, så kjem vi òg fort borti spørsmål som:

  • Om verket har engelsk originaltittel og eit etablert form på bokmål, brukar vi da originaltittelen eller bokmålsversjonen?
  • Skal Duun sin roman stå under I eventyre eller under gjeldande rettskriving I eventyret? Og kva med den historiske romanen Fraa dansketidi av Kristofer Janson? Skal vi skrive Frå dansketidi? Eller Frå dansketida? Skreiv Henrik Ibsen Gengangere eller Gjengangere?

Eg vil setja inn parentes med norsk namneversjon i artikkelen no. Eg trur personleg at vi står oss best på å halde på originaltitlar som hovudreferanse så ofte som muleg, men blir gjerne med på å drøfte vidare om dette er beste måten å gjera det på. -- Olve 25. nov 2004 kl. 08:03 (UTC)

Eg er samd i grunngjevinga di, men er litt usikker. Namn som Årstidene, Juleoratoriet og Goldberg-variasjonane er veldig innarbeidde i norsk språkbruk. Die Jahreszeiten, das Weinachtsoratorium og Aria mit 30 Veränderungen trur eg passar best i parantes etter det norske namnet. Jarle 25. nov 2004 kl. 14:40 (UTC)

Me bør først og framst bør tenka på brukarane av dette oppslagsverket når me skriv ting. Eg meiner det vil vera mykje lettare for dei å lesa kjende namn i ei verkliste enn utanlandske, ukjende og gjerne uforståelege titlar. Det er særleg musikk dette gjeld, i alle fall for meg - dei norske namna gjer meg med ein gong ein smak av verket, medan eg må tenka litt dersom eg berre høyrer originaltittelen.

Dersom dei originale namna likevel skal stå først, bør me kanskje laga tabellar slik at dei norske titlane vert tydelegare, og ikkje gøymde bort i ein parantes.

Kvar dei moglege artiklane om verka skal leggjast er sjølvsagt ein annan sak. Her er eg meir åpen for at artiklane som hovudregel bør leggjast under originalnamnet (med rikelege tilvisingar frå norske namn). -- Ranveig 25. nov 2004 kl. 18:41 (UTC)