Diskusjon:Giske kommune

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg gidd ikkje rydde opp i dette; men Nordstranda har då aldri vore tettstadssentrum på Valderøya (der ligg det berre nokre spreidde hus). Rådhus, skule, kjøpsenter - alt sentrum på Valderøya ligg på Valderhaugstrand. Det må ryddast opp i linking og det meste anna når det gjeld dette!

Eg rullar attende endringane som er gjorde når det gjeld administrasjonsstad. Etter Diskusjon:Tettstad held vi oss her til tettstaddefinisjonane til SSB, og deira liste. Det er mange meiningar om utstrekning og namn til tettstadane. Skal kvar kunne endre til si private meining vert det kaos.--Andreasv (diskusjon) 21. oktober 2012 kl. 11:21 (CEST)[svar]

Eg er oppvaksen på Valderøya: Nordstrand er eit lite grendelag nord på øya (mellom Oksnes og Gjøsundsætra). Kommunesenteret ligg på Valderhaugstranda. Folketalet for det som kallast "Nordstrand" gjeld heile øya med ei rekkje grendelag. Dei fleste bur på Valderhaugstranda, Valderhaug og Skjong (og absolutt ikkje på Nordstrand).