Diskusjon:Global oppvarming

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bolken "mistydingar" er for lang og er meir argumenterande enn leksikalsk. Wikipedia treng ikkje skriva så mykje om kva som er gale, me treng vel berre attgje det som er rett. Men mykje av informasjonen i dette avsnittet bør nok stå her. Kan nokon som er litt meir strukturerte enn meg, rydda litt? --Tannkrem 21:12, 5 juni 2007 (CEST)

Ja, det står frå «Mistydingar» og nedover minner meir om eit partiprogram enn ein leksikonartikkel. --Sigmundg 11. februar 2009 kl. 17:54 (CET)[svar]
Eg flytta mistydingsbolken til ein eigen artikkel Diskusjonen rundt global oppvarming. Innhaldet endra eg ikkje, så han er vel like uleksikalsk som før. Men vi bør kunne opne for nokre slike diskusjonsartiklar om viktige og omdiskuterte samfunnsspørsmål. Ein parallell - utan samanlikning forøvrig - er konspirasjonsteori-artiklane våre. --Knut 11. oktober 2009 kl. 18:54 (CEST)[svar]
Fornuftig! --Sigmundg 11. oktober 2009 kl. 19:25 (CEST)[svar]