Diskusjon:Global raudliste

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bolken som gjeld Nasjonal Raudliste 1998 er flytta til ein eigen artikkel, sidan Norsk Raudliste 2006 erstattar den førre raudlista. Eg har ikkje informasjon til å lage tilsvarande tabellar med utgangspunkt i den nye raudlista, men det ordnar kanskje einkvan etterkvart.Knut 19:08, 18 januar 2007 (CET)

Burde ikkje denne flyttas til IUCNs raudliste (med genitivs-s) eller IUCN-raudlista? Eller er dette offisielt namn på lista? Guaca 16:45, 6 august 2007 (CEST)
Det har du nok rett i. Eg vil tru artikkelnamnet er ei dårleg omsetjing frå engelsk «IUCN Red List». Sidan alle dei nemnde raudlistene byggjer på IUCN sine standardar, vil eg foreslå artikkelnamnet «Global raudliste» (eg såg ein stad at svenske ArtDatabanken skriv «Är arten globalt rödlistad». IUCN-raudlista held eg som ein god nummer to. - Knut 19:02, 6 august 2007 (CEST)
Eg trur òg "Global raudliste" er best, så vidt eg veit finst det ikkje nokon alternativ raudliste som er noko å snakka om. Eg synst òg "IUCN-raudlista", "IUCNs raudliste" og "IUCN raudliste" bør vera omdirigeringssider.--Gunnar Mikalsen Kvifte 22:40, 6 august 2007 (CEST)
Då gjer vi det slik. Om nokon protesterer, har vi vel ein angreknapp. - Knut 22:46, 6 august 2007 (CEST)