Diskusjon:Gråhø i Lesja

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Her trengs referansar på namnet. I Norgesglasset er toppen namnlaus (Gråhø er der namnet på ein lågare topp noko lenger vest), og i artikkelen om Lesja er han kalla Løyfthøe. --Ekko 1. august 2008 kl. 21:27 (CEST)[svar]

Om du endrar målestokk (zoomar ned), vert biletet om lag det same som i Hjemmets bokforlags Norgesatlas som byggjer på kartverkets 1:250 000-serie: Der er namnet Gråhø plassert over begge toppane (2014 og 1945). Turistforeningen er storbrukar av namn i fjella, dei har Gråhø 2014 moh: [1], det same har NVE [2] og Dovre kommune [3] Så her er det mange å velje i. - Knut 1. august 2008 kl. 22:17 (CEST)[svar]
Aha! --Ekko 1. august 2008 kl. 22:30 (CEST)[svar]

Kjem ikkje på om det finst skriftlege kjelder, men folk i Lesja som er kjend i området kallar høgste toppen Løyfthøe. Det veit eg fordi eg er frå Lesja og har brukt området mykje m.a. i reinsjakta (da namnebruk er viktig!). Det er alment kjent at namnet manglar på kartet. Det er for øvrig (dessverre) mange døme på feilsette namn på karta, det kjem an på kor nøye kartverket var i si tid da dei konfererte kjentfolk om dette, det er jo ofte også slik at fjell kan ha ulike namn frå ulike bygder, jf. Jetta/Blåhøe i Dovre/Vågå kommunar. Dei andre kjeldene (NVE, Dovre kommune) har sjølvsagt brukt namnet dei har sett på kartet, så dei er ikkje kvalifiserte som kjelder, det kan det berre vera lokalkjende som er. Løyfthøe ligg for øvrig i eit område som blir brukt både frå Lesja og Skjåk, og det kan hende skjåkverane brukar eit anna namn, det kjenner eg ikkje til.

Her reknar me Sentralt Stadnamregister, med søketenesta Norgesglasset som autoriteten på stadnamn. At det ikkje alltid er rett i høve til lokal namnebruk er me klar over, men ein autoritet må me jo ha. --Ekko 3. august 2008 kl. 21:08 (CEST)[svar]
Sidan Statens kartverk i sin tur brukar nedervd lokal namnebruk som sin «autoritet», er opplysingar om lokal namnebruk av stor interesse. Men det er eit døme på opplysingar som er vanskeleg å finne skriftlege kjelder til. - Knut 3. august 2008 kl. 22:00 (CEST)[svar]
Eg forsøkjer å leggje inn eit spørsmål på kartverket sitt diskusjonsforum (her). -Knut 3. august 2008 kl. 22:27 (CEST)[svar]
Statens kartverk seier seg her så vidt eg kan forstå samd med vår lokalkjende ven, som meiner fjellet 2014 høyrer med blant Løyfthøene. - Knut 21. august 2008 kl. 21:25 (CEST)[svar]

Eg har sett på saka, og vil bekrefte Norgesglasskartet. Eg har sjølv vore med og jakta i området, og toppane heitar frå vest: Gråhøe, Namnlaus(òg kalla Gråhøe av enkelte) og Lyfthøane. - Lars Ola Eide 15. november kl. 21:32