Diskusjon:Grenlandsmålet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Grenlandsmålet[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Ein fyldig og velskriven artikkel om talemålet i Grenland.

Definitivt ein god artikkel, men når det står at dette kan ein lese meir om i Historisk variasjon i grenlandsmålet og lenka er raud, bør enten artikkelen skrivast, eller lenka fjernast. Det som står i artikkelen er uansett så utfyllande, at han ikkje blir svekka om desse utdjupingsartiklane ikkje er med. Martin NH 16. januar 2011 kl. 12:32 (CET)[svar]
Samd i det. Ser to raude lenkjer til i artikkelen, Morfofonologi og Sandhi i grenlandsmålet. Kanskje vi kunne skjule akkurat denne teksten med <!-- tekst -->, slik at det blir lettare å hente han fram att når artiklane er på plass? --Fleinn 16. januar 2011 kl. 12:47 (CET)[svar]
Artikkelen er kjempegod, og som språkinteressert kan eg ha lyst til å setje eit for-merke med ein gong. Ei lita innvending er at det bruka vel mange vanskelege ord, men sidan det finst blålenkjer frå dei fleste, bør ikkje det stå i vegen for ei stjerne. --Knut 16. januar 2011 kl. 13:16 (CET)[svar]

Einig med dei andre om at artikkelen er god, men nokre innvendingar har eg:

  • Det er referert til kjelder i teksten på ein måte som alle akademikarar vil kjenna att, men kanskje ikkje alle andre. Det er heilt greitt, men då synest eg det bør vera peikarar mellom desse namna og årstala og det dei viser til. Eg har innført dette og voner ingen blir sinte for at formateringa er litt endra.
  • Unødvendig mange peikarar til ord blir teke oppatt mange gonger. Ein treng ikkje peikar til til dømes genus tre gonger etter kvarandre. Det bør vera nok med ein gong i kvar underdel av artikkelen. Dette er sjølvsagt lett å ordna, så eg røyster for allereie no. --Ranveig 17. januar 2011 kl. 01:33 (CET)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]