Diskusjon:Gruppene i periodesystemet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

No er eg ingen språkekspert, men slik eg har forstått det så kan ein ikkje bruka s-genitivnynorsk, alternativt kan ein bruka garpegenitiv. Så då bør vel denne sida flyttast til Periodetabellen sine grupper? --Guttorm 29. jan 2005 kl. 1505 (UTC)

I følge nynorskordlista mi kan ein bruka s-ending for genitiv, men det er ikkje vanleg når substantivet står i bunden form. Eg ville nok kalla sida "Gruppene i periodesystemet" eller noko liknande om eg hadde laga namnet. --Aalen22x 29. jan 2005 kl. 1517 (UTC)

Viss ein vil ha "Periode" først i overskrifta, kan ein også kalle det Periodetabell-gruppene eller Periodetabell-systemet. --Erling 29. jan 2005 kl. 1609 (UTC)

Genitivs-s bør ikkje brukast med abstrakte substantiv. Kva som er abstrakt er ikkje alltid lett å sei, men periodetabellen er vel det. Eg er einig i at "Grupper/ene i periodesystemet" er ein god tittel. -- Ranveig 29. jan 2005 kl. 1620 (UTC)

Sjölv likar eg Erling sitt forslag om Periodetabell-gruppene betre. --Guttorm 29. jan 2005 kl. 1631 (UTC)

Språkrådet har ein liten minigramatikk der dei skriv om genitiv og s-genitiv. --Guttorm 29. jan 2005 kl. 1639 (UTC)

1. Periodetabellens grupper kan godt stå...
2. Gruppene i periodesystemet er favoritten min. Evt. grupper i periodesystemet. Ikkje noe poeng i å ha «periode» fyrst i overskrifta.
3. Viss ikkje må det bli periodetabellgruppene evt. periodesystemgruppene. Ingen bindestrek takk... En siste muligheit kan vera periodegruppene.
   --Kristian André 30. jan 2005 kl. 0005 (UTC)