Diskusjon:Gulag

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I det siste avsnittet finn eg nokre tendensiøse og nokre upresise formuleringar, og ingen av dei har referansar. Det finnest heller ikkje noka kjeldelista.

  • «Ein må òg hugse på at mange fangar vart lauslatne i ein svært dårleg forfatning, og døydde kort efter frigjevinga.» - Kvifor må ein òg hugsa på? Og kva er «mange»? Eit fleirtal? Og kvifor «må» ein ikkje like godt hugsa på at ikkje alle dei omkomne fangane døydde av ikkje-naturlege årsaker, når ein først skal minna folk på kva dei skal hugsa? Eller me kan seia at lesaren «må hugsa på» at fangar døyr også i andre fengsel og fangeleirar rundt i verda.
  • « Det totale dødstalet er difor sannsynlegvis tettare på 2–2,5 millionar.» Kva er talet 2-2,5 millionar? Og kor kjem det frå? Det er jo ikkje noko tal på kor mange som døydde i leirane, slik artikkelen seier no, fordi mange av dei døydde etterpå. Det er heller ikkje eit tal på kor mange som døydde på grunn av at dei var i GULag, fordi me ikkje har trekt ifrå dei som døydde av naturlege årsaker.
  • «eit forsiktig skjønn ligg på omkring 18 millionar sovjetarar» - Wikipedia skal vera eit leksikon, og forfattarane av Wikipedia skal ikkje bruka forsiktige eller uforsiktige skjønn, men reelle faktaopplysningar.
  • «Ein må òg hugse på at mange av dei overlevande fekk permanente fysiske og psykiske skader.» - Igjen dette «må òg hugsa på». Kvifor «må» ein det?

Eg kunne ha skore vekk alt dette under påskotet av at det ikkje er lagt fram kjelder, men eg reknar jo med at tala kan vera relevante, avsnittet vil jo sjå veldig rart ut utan tal og vurderingar, og resten av artikkelen har jo heller ikkje kjelder. Nokre av tala vil jo i alle høve vera estimerte. Me må berre sikra oss at vurderingane er politisk nøytrale, ikkje tendensiøst framstilte og at tala er tal som historikarar vil kunna semjast om ut frå tilgjengelege fakta. Me treng ikkje driva med talfetisjisme for å visa at GULag var fælt og at mange døydde der. --Tannkrem 18:31, 4 februar 2008 (CET)

Dette seier Store norske leksikon om GULag og tal:
«Leirsystemet med sine millioner av deporterte og innesperrede mennesker utviklet seg i virkeligheten til et eget samfunn i samfunnet. Fra 1929 til Stalins død i 1953 er det anslått at rundt 18 millioner mennesker var innom leirsystemet i en eller annen periode, at 4,5 millioner aldri kom tilbake og at minst 2,7 mill. mennesker mistet livet i leirene.»
--EIRIK\diskusjon 19:23, 4 februar 2008 (CET)
Vel og bra, men når noko berre er «anslått» så synest eg me skal vera litt betre enn SNL, og fortelja kven sine anslag me snakkar om. --Tannkrem 19:33, 4 februar 2008 (CET)
Kjelder! At det må bli overslag er vel sjølvsagt, men kor kjem dei frå? Korleis kjem ein fram til dei? --Ekko 21:44, 4 februar 2008 (CET)

Revisjonisme?[endre wikiteksten]

Eg synest ikkje vi skal vere "betre enn SNL" om det betyr talrevisjonisme. Om brukarar som seier dei er nazister hadde gått inn for å "vere betre enn SNL" og sjå bort frå etablert kunnskap om ofra for dei nazistiske leirane så hadde eg òg reagert. 64.191.91.101 21:00, 4 februar 2008 (CET)

Dette er uforståeleg. Kva meiner du eigentleg? --Ekko 21:44, 4 februar 2008 (CET)

Det er vel ingen som har føreslått at me skal revidera tal? Då måtte me jo lagt fram tal me ikkje kan verifisera, og slik sett gjort nett det motsette av det eg seier me skal gjera... Og kva slags ist ein brukar seier han er har vel ikkje særleg stor relevans for diskusjonen om kor godt me skal gje att kjeldene våre. For eg tvilar ikkje på at den brukaren som skreiv dette har basert seg på ei eller anna kjelda (eller fleire kjelder), eg spør berre kva eller kven denne kjelda er. Eg ville ha meint akkurat det same om eg fann uverifiserte eller unøytrale opplysningar eller tendensiøse formuleringar om kor mange jødar, sigøynarar og andre som vart drepne av nazistane. Eller for den saks skuld om ein av våre artiklar hadde påstått at Noreg var på alliert side og at representantane for den norske staten (politi, embetsmenn osb.) kjempa mot Tyskland og mot deportering av norske jødar under andre verdskrigen, noko som truleg er eit utbreidd syn, men ikkje rett av den grunn. --Tannkrem 21:58, 4 februar 2008 (CET)

Då kan Tannkrem kanskje verifisere dette motstandsarbeidet bak frontlinene? - Knut 22:45, 4 februar 2008 (CET)
Veit lite om motstandsrørsla og ingenting om Hjort. --Tannkrem 23:00, 4 februar 2008 (CET)