Diskusjon:Gulatinget

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Setninga Republikken var ei levande statsdanning i 400 år før Magnus Håkonsson fekk vedtatt ein felles lov for heile det norske kongedømmet i 1274 vil eg gjerne sjå ein kjelde på. Spesielt at ein hadde ein republikk i Noreg i vikingetida. --Ekko 07:14, 20 oktober 2006 (UTC)

Forslag til omformulering: "Dei som stå bak "republikken Gulatinget" hevdar at Gulatinget utgjorde ein eigen republikk. Dei ser på Gulatinget som ei levande statsdanning som vara i 400 år før kong Magnus Lagabøte fekk vedteke ei felles lov for heile det norske kongedømet i 1274, Magnus Lagabøtes landslov." Om gulatinget har vorte karakterisert som ein bonderepublikk, vil ikkje det seia at området var ein sjølvstendig stat i moderne tyding. Det kan òg tyda at bøndene hadde utstrekt lokal styringsrett, men dei hadde kongen over seg. Mellom anna måtte dei gje skatt og andre ytingar til kongen. Ergo var det ikkje ein sjølvstendig stat, og heller ikkje ein republikk i moderne tyding. Det er til og med vore eit ordskifte om Noreg var ein stat på denne tida. Sjå boka Norge blir en stat : 1130-1319 .

Sitat frå omtale av boka Gulatinget og Gulatingslova: "Forfattaren ser den eldre Gulatingslova som eit vitnemål om tilhøva i bondesamfunnet og dei rollene konge og kyrkje spela der, før eit sterkare rikskongedøme og ei meir uavhengig kyrkje tok over og det vart trong for nye lovbøker. Ikkje berre i norsk, men òg i nordisk og europeisk perspektiv er den eldre Gulatingslova viktig av di ho speglar eit bondesamfunn som gjennom tingmennene sine opptrådde sjølvstendig i lovskiping, domsverksemd og tingingar med kongedøme og kyrkje om tiltak av sams interesse."

  • Knut Helle: Gulatinget og gulatingslova,
  • Knut Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150-1319, Bergen 1972.
  • Knut Helle: Norge blir en stat : 1130-1319 , Bergen 1974.
  • Opheim, Bente: Med stønad frå frendar og vener : slektskap og venskap som partidannande faktorar i den norske innbyrdesstriden 1130-1208 Hovudoppgåve i historie - Universitetet i Bergen 1996. Nettversjon
  • Nordmennenes land ved Knut Helle
  • Gulatinget og Gulatingslova

Med helsing frå --Gunnernett 11:12, 20 oktober 2006 (UTC)