Diskusjon:Gustav Rasmussen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Å vera formannskapsmedlem åleine kvalifiserar nok ikkje til ein artikkel, nei. Men så er det òg morgonsteva han er mest kjend for, ikkje dei politiske verva. --Tannkrem 19:35, 25 november 2006 (CET)

Tar noen på seg ein oppryddingsjobb her? --KRISTAGAα-ω 23:14, 9 januar 2007 (CET)
Kva er det som må ryddast? --Tannkrem 11:50, 10 januar 2007 (CET)
Det bør vel rydjast i kategoriane. Er det kategori:norske diktarar eller kategori:morgonsstev som høver best? Elles veit eg at Cato er samd i at vi bør slette med varsemd. - Knut 20:36, 15 august 2007 (CEST)
Han kan godt liggja i Kategori:Norske diktarar for meg. Men det viktigaste er vel å finna ut om mannen skal ha ein artikkel her eller ikkje. --Tannkrem 20:56, 15 august 2007 (CEST)
Eg trudde det var avgjort med røystene frå deg og Kristaga. - Knut 21:37, 15 august 2007 (CEST)
Korkje forfattar eller bok finnst på BIBSYS, styrker sletteframlegget. --Ekko 19:14, 16 august 2007 (CEST)
Det har ikkje føregått noko røysting her. Sjølv er eg usikker, og det einaste eg bidrog med i den opprinnelege diskusjonen var ei saksopplysning. --Tannkrem 00:02, 17 august 2007 (CEST)
«Trehesten» har boka:skråblikk. Er amatørdikting noko som gjer ein mann verd leksikal omtale? - Knut 00:52, 17 august 2007 (CEST)
Det er vanskeleg å vita kor ein skal setja grensa for kor kjend ein lokalkjendis må vera for at me ikkje skal sletta, og det er nok delte meiningar om det. Eg har ikkje fasiten. Synest godt denne artikkelen kan stå, men misser ikkje nattesvevnen om han vert sletta heller. --Tannkrem 01:00, 17 august 2007 (CEST)
Kunne du ikkje heller ytra noko om at amatørdikting som når ut til folket er vel så mykje verd ein omtale som mykje av den finkulturen som berre når ut til ein sjølvoppnemnd kulturell elite? Eg har ingen annan meining enn at om det er tvil, skal vi la artikkelen stå. Og lar vi han stå, skal eg skrive ein artikkel om Anton Sauflokkli, som er eit pseudonym for ein amatørdiktar frå Vefsn. - Knut 01:07, 17 august 2007 (CEST)
Me kan godt ha artiklar om amatørdiktarar, men då må dei vera litt kjende. Dikta til Rasmussen går ut til kanskje 1000-2000 personar kvar dag (tippar eg), når dei ikkje er publiserte på andre måtar enn via e-post. --Tannkrem 01:17, 17 august 2007 (CEST)
Tar du utfordringa og gjer dette til ein god artikkel? -Knut 01:38, 17 august 2007 (CEST)

Når det altså ikkje finst eit einaste eksemplar av boka på noko norsk bibliotek vil ein omtale av forfattaren kunne kallast «ny forsking». Med det meiner eg at det er oplysingar ikkje kven som helst kan etterprøva. Og då høyrer det ikkje heime her. Slett, seier eg. --Ekko 10:55, 17 august 2007 (CEST)

For For sletting. --Cato 20:23, 18 august 2007 (CEST)

Noregs mest leste diktar[endre wikiteksten]

Gustav Rasmussen er nok ein av noregs mest leste diktarar, eller ordsmedar om du vil. Med Ca 3000 "abbonentar" dagleg (omlag ein million årleg) kan han nok konkurere med både Ibsen, Bjørnson , Kielland og Lie. Vil me fjerne Noregs kanskje mest leste diktar og ein god ambassadør for nynorsken? Det at boka hans ikkje er å oppdrive i handelen lenger bør ikkje vera grunnlag for å fjerne artikkelen. Dette er ein kunstnar som vél å uttrykkja seg på ein meir moderne måte en i bokform. Det bør ikkje vera eit kriterie at ein lyt nytta seg av utdaterte(?) massemedium for å kunna ha ein artikkel på wikipedia.

Kjelde: [1]