Diskusjon:Høgnorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Striden i høgnorskrørsla[endre wikiteksten]

Eg meiner at Wikipedia ikkje bør døma i omstridde saker, og vera særs varsam med ordval som "men fyrst og fremst". Me burde heller skriva eit knakande godt stykke om nynorsksoga, der striden om i kva lei nynorsken vart brigda på i 1938 vert utgreidd utan å taka standpunkt. Jarle 27. feb 2005 kl. 1848 (UTC)

Einig! -- Olve 27. feb 2005 kl. 1921 (UTC)

Eg vil beda ein annan styrar enn meg å taka burt peikaren til og umtala av bladet Målmannen og netstaden. Tilfanget høyrer ikkje heime her. Innehaldet i bladet er ekstremt, og seinste utvgåva - nr 2 05 - var dropen. Bladet og netstaden ovan er ikkje ålment um høgnorsk, men eit ytterleggåande høgreautoritært kyrkjelydsblad. Til samanlinkning er det ingi umtala av eller peikar til avisa Dagen - eller andre blad og avisor - i teigen um riksmål eller bokmål, eller tilsvarande um svensk. Dei som vil, kann i tilfelle laga ein eigen bolk "Blad redigera på høgnorsk" der dei kann leggja dette til.

Mannen attum Målmannen-teigen og tillegget um bladet på denne sida - no redaktør i bladet - må olstra seg um alt. Dess meir larm, dess betre. Ein kann ikkje skriva noko vìtugt um høgnorsk - eller noko som helst emne knytt til dette - utan at denne mannen iler til.

Eg vil òg beda at bolken "Høgnorskrørsla vart kløyvd i 2002 etter ein hardsett strid ..." vert burtteken. Det høyrer ikkje heime her. Teigen um høgnorsk lyt vera um målet høgnorsk - um grammatikken i gamal tyding: målsoga, formlæra, bokheim og stavnad.

Villmannsferdi åt denne gjengen, frå gjengen som leitar etter muslimske terroristar under sengi, er ikkje yver. Nei, for no hev det vore kupp i bladet Målmannen (jf innlegg i DT). Sidan eg ikkje hev noko med bladet eller gjengen umkring å gjera, men heller nytta ovlang tid å støyta desse frå meg, bryr eg meg ikkje noko um nett det.

Eg ser gjerne at redaktøren i Målmannen er med i ordskiftet i Wikipedia-ånd, og ikkje berre legg inn anonymt (jf: 21. des 2004 kl. 1109 158.37.75.14; 9. apr 2005 kl. 1158 129.177.44.89) --Fatagnus 12. jun 2005 kl. 0445 (UTC)

Kva i all verda har det kristne bladet, Dagen, å gjera i dette ordskiftet?--88.90.211.105 22:30, 23 april 2008 (CEST)
(Eg flytte innlegget til 88.90.211.105 ut or innlegget til Fatagnus, og gav det fleirfoldige innrykk. --Jorunn 23:10, 23 april 2008 (CEST))
Eg tek gjerne affære her om du kan leggje fram konkrete prov. (Hadde eg vore på hi (dvs. di) sida av Atlanteren hadde det sjølvsagt vore lettare for meg å sjå etter sjølv.) Kanskje du kunne skanne nokre sentrale sidor og sende meg i e-post — slik som framsida og dei første to sidene innvendig og eit døme på ein artikkel...? -- Olve 12. jun 2005 kl. 0544 (UTC)
Det kann eg godt gjera. Eg trur ikkje eg fær til dette i dag, men eg kann gjera det måndag eller so snart som råd.
--Fatagnus 12. jun 2005 kl. 0551 (UTC)
Fint! Det er bra at vi er mest mogleg korrekte i både form og innhald! :-) Olve 12. jun 2005 kl. 0557 (UTC)
Hugs at blada fram t.o.m. 2003 er lagt ut på vevstaden åt Målmannen, saman med innhaldsliste åt resten. --Guttorm 20. jun 2005 kl. 0851 (UTC)
Eg undrar litt over kva grunnar Fatagnus har for å kalle nettstaden www.sambandet.no eit "ytterleggåande høgreautoritært kyrkjelydsblad". Blandar han kanskje med nettstaden www.sambaandet.no, medlemsbladet til Indremisjonsforbundet?. Om ikkje vert det, tykkjer eg, for dumt å råke tredjepart --Anders 16. januar 2006 kl. 00:15 (UTC)
Lesestund for wikipediantar:
Då eg vakna tidleg i dag og kika på månen, fann eg ei analyseuppgåva frå tidi me gjekk på ungdomskulen.
Hovudpersonar: <1, 2, 3 osb.>
Statistar: Mimande wikipediantar.
Medskodespelar: Nøytrale wikipediantar
Medan «plot» er eit engelskt ord og kann avløysast med det høgnorske «emne» som òg hev rot i norrønt, er «føkk åff» tvo norvagiserte ord.
Plot:
Fatagnus skriv offentleg at han hev kopulera med mor si i gode og vonde dagar. Forteljarrøysti fortel likevel at det ikkje er sant. Mor hans er eit kvende med skamvit. Fatagnus ikkje.
Kva er likt til at vil henda?
I uppgåva kann de velja millom tvo forlaup:
1. Mor hans emigrerar eller døyr.
2. Mor hans ringjer TV2 og segjer at det ikkje er sant.
Dryft dessutan sjangsane for at folk i bygdi gjer uppstyr um saki og ringjer lokal-tv eller melder henne på Idol.
Svaret kann leverast i tvo format: eit hefte med plass ned i ein sekk eller eit firebands verk til bruk på Wikipedia.
Greid nøgje ut um dei psykososiale problemi mor hans vil få um ho ringjer TV2 eller vert påmeld Idol osb.
Les dette engelske diktet:
«Oh dear.»
Ei parallell handling hev me i den andre hovudkarakteren Doffen. Doffen er mors alter ego og Fatagnus' filleonkel. Sidan dette er ei forteljing på lina med Bibelen, eller Storboki, er Doffen anten god eller vond. Doffen vil ikkje hava noko med bygdi å gjera og gjev frå seg forelderretten til Fatagnus og set honom i fosterheim på Wikipedia. Heile Wikipedia fær syfilis.
Anders kjem ex machina og undrar um det ikkje er «fis» som er ordet.
I millomtidi hev ein kome fram til at ein må få eit ordskifte på um det er «fis» eller «syfilis». Roar Rund telegraferar yver Atlanten at alle fær passa på fisen og syfilisen sin sjølve. Serleg dei anonyme.
Skandalen er likevel komplett når det faktiskt viser seg at Jarles robott - Fagerbott - hev gjeve alle brukarar på nynorsk Wikipedia sopp.
Fatagnus 16. januar 2006 kl. 10:45 (UTC)


Eg ville vel ikkje bruke fullt så sterke ord, men av det eg har sett på nettstaden (i mindre grad) og av bladet Målmannen (i større grad) er det ganske tydeleg at det er ein politisk agenda der. Dette inkluderer utfall mot «liberalisme» i andre delar av målrørsla og ei tydeleg kristen/høgreorientert slagside t.d. i vurderinga av islam og jødedommen. No meiner ikkje eg at den konvensjonelle venstreorienterte slagsida der er så vellykka heller (sanninga ligg vel ein stad kring midten...) — men poenget er altså at dette i stor grad ser ut til å dreie seg om politikk... -- Olve 16. januar 2006 kl. 03:01 (UTC)
Politikk og religion er ikkje det same! Du og Fatagnus bør slutte å dra slike paralellar. Det er som å seie at dei som er medlem i LO stemmer Arbeidarpartiet...--Anders 16. januar 2006 kl. 12:54 (UTC)
Du har rett i prinsippet. Men ikkje nødvendigvis i praksis... :] Olve 16. januar 2006 kl. 18:09 (UTC)
Til påstandane frå Fatagnus om at Målmannen ikkje er relevant å nemna i artikkelen om høgnorsk. Målmannen er det eine av to blad her i landet som vert redigert på høgnorsk. Kva står so bladet elles for? Det fyrste nummeret av bladet Målmannen finn du her: http://maalmannen.sambandet.no/maalmannen-0102.pdf. I programartikkelen på side 1 slær redaksjonen fast at bladet skal vera eit organ for ordskifte og refleksjon kring målsak og andre aktuelle spørsmål. Dei tre einskildpersonane som skriv under på programartikkelen er Klaus Johan Myrvoll, Olav Torheim og Lars-Toralf Storstrand. Myrvoll og Torheim var på denne tida formann og nestformann i Ivar Aasen-sambandet. Bladet vart utgjeve med støtte både frå Ivar Aasen-sambandet (som løyvde bladet 10.000 kr) og Halldor O. Opedals fond (som løyvde bladet 60.000 kr). Ivar Aasen-sambandet var på denne tida landssamskipnaden for høgnorskrørsla og Halldor O. Opedals fond er eit millionfond som har til føremål å fremja høgnorsk målreising. Når både landssamskipnaden for høgnorskrørsla og det største målreisingsfondet for høgnorskrørsla aktivt har gjeve stønad til bladet Målmannen, eit blad som er ein direkte konkurrent til det gamle høgnorskorganet Vestmannen, korleis kan ein då hevda at bladet Målmannen ikkje har noko med høgnorskrørsla å gjera? Rea
Elles so er det ein viss dobbelmoral her, synes eg. Det er ingen som ville finna på å utdefinera til dømes Norsk Målungdom frå målrørsla, endå om dei vedtek fråsegner mot USA si krigføring i Afghanistan og boikottar israelske varer. I beste fall ville ein kritisera dei for å driva med andre ting enn det som er føremålet deira. Men Målmannen, eit sjølvstendig tidsskrift som vert drive etter redaktørplakaten, skal ikkje få lov å sleppa til skribentar med andre oppfatningar enn dei politisk korrekte utan at dei sjølve vert skulde for å ha ein høgreorientert, kristeleg agenda. Dette er reinhekla sekt-mentalitet. Målmannen er ikkje eit medlemsblad, men eit tidsskrift. Difor er det ikkje berre dei "rette" meiningane som får sleppa til i eit blad som Målmannen. Til opplysning so er Målmannen politisk og religiøst nøytral I motsetnad til Vestmannen som mellom anna har til føremål å "halda uppe kristne grunn-normer". Rea

Meiningslause utfall mot høgnorsken[endre wikiteksten]

Ein anonym brukar skriv: "Sosiolingvistisk kan ein karakterisere høgnorsken som sekterisk. Av di det er så få som nyttar denne private målforma, er det uråd å seie eksakt kor få som er høgnorskbrukarar eller om brukarane skil seg ut frå normalnynorskbrukarar med omsyn til kjønn (for det meste menn?) eller alder."

Dette vert sjølvmotseiande og dimed meiningslaust. For det fyrste so kan vel ikkje språket høgnorsk karakteriserast som sekterisk, det må vel i so fall vera høgnorskbrukarane som ter seg "sekterisk". Dette er den anonyme brukaren sin personlege kritikk mot høgnorskbrukarane og høyrer ikkje heime i eit leksikon. For det andre so slær den neste påstanden den fyrste i hel med di den anonyme brukaren deretter presterer å skriva at grunnlagsmaterialet for å seia noko noko som helst om høgnorskbrukarane er for lite sidan språket er so lite utbreidt.

Dette usignerte innlegget vart skrive av 213.161.232.69 (diskusjon · bidrag) 27. juli 2005 kl. 13:23

Objektivitet[endre wikiteksten]

Eg har merka avsnitta om høgnorskrørsla med {{objektivitet}} i artiklane Høgnorsk og hn/Høgnorsk. Det er sjølvsagt vanskeleg for dei som er involverte i konfliktar å semjast om ein objektiv framstilling, så det ville vore ein fordel om nokon utanforståande kunne ha skrive om striden i høgnorskrørsla. Samstundes er det vanskeleg for dei som ikkje har nær kjennskap til konflikten å skriva det presist nok. Men eg vil oppmoda dei som er eller har vore personleg involverte i denne saka om å leggja band på seg i sjølve artikkelen, og heller leggja fram sine syn her på diskusjonssida. Så kan vonaleg nøytrale bidragsytarar skriva noko som kan godtakast av alle partar. Eg har ingen kjennskap til saka, men kan bidra med skriving om det er ønskeleg. --Eddi (Snakk) 15. januar 2006 kl. 23:08 (UTC)

Høgnorsk vs. landsmål[endre wikiteksten]

Hva er eigentleg forskjellen på høgnorsk og landsmål. Er ikkje dette eigentleg det same? Altså ei mer konservativ form for nynorsk? --Oddeivind 15. august 2008 kl. 18:29 (CEST)

Godt spørsmål. Eg veit ikkje det fulle svaret, men landsmålet, slik som Aasen la det fram, er gjerne meir etymologisk i skrivemåten (til dømes «kasta - kastar - kastade - kastat» i staden for høgnorsk «kasta - kastar - kasta - kasta»). I tillegg ville vel Aasen bøya verba i tal, noko som eg ikkje trur det vert gjort i høgnorsken i serleg grad, jf. «Gjerningsordi». Aasen ville òg bøya talorda i kjønn, noko som høgnorsken ikkje gjer, jf. «Talordi». Samstundes svarar vel landsmålet i 1929 i stor grad til dagsens høgnorsk (dette er altso året landsmålet skifte namn til nynorsk), slik at det kjem an på kvar i soga til landsmålet ein er når ein skal tala om skilnadene på høgnorsk og landsmål; so vidt eg ser det. --Harald Khan Ճ 5. november 2010 kl. 15:15 (CET)

Sterke hokjønnsord[endre wikiteksten]

I følgje artikkelen bøygjast sterke hokjønnsord slik: ei tid tidi/tida tider tide(r)ne. Er ikkje forma "tida" fy fy på høgnorsk. Eg trudde "tidi" var einaste tillatne form. --Oddeivind (diskusjon) 16. mars 2013 kl. 18:04 (CET)

Høgnorsk hev ingen autoritet i grunn, so um i-målet er naudsynleg veit eg kje. 'tida' er sjølvsagt ikkje i-mål og er då veldug liberal Høgnorsk. Men eg hev sét eit stykke på sambandet utan i-mål, so a-målet burde kanskje standa her? --Uppattnying 29. mars 2013