Diskusjon:Høgnorskrørsla

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I bokmålsversjonen no:Høgnorskbevegelsen er det frå avsnittet "Strid i Vestmannalaget og Vestlandske Mållag" og ned ei lengre utgreiing om ymse stridsemne. Utgreiinga ber preg av å vera eit partsinnlegg frå krinsen kring bladet Målmannen. Det vert synt til ei lang rad personar, mellom anna Sergej Alexander Munkvold, som på Wikipedia er Brukar:Fatagnus. Dokumentasjonen det vert vist til ligg for det meste på www.sambandet.no som er ein nettstad driven av krinsen kring Målmannen. Framstillinga er ikkje nøytral, som ho skal vera på Wikipedia, og er prega av ulike skuldingar mot enkeltpersonar. Såleis tenkjer eg å skriva om no:Høgnorskbevegelsen i retning no:Høgnorsrørsla. Wikipedia er ikkje staden for partsinnlegg i ein strid, med skuldingar mot enkeltpersonar. --Gunnernett 18. januar 2006 kl. 15:25 (UTC)

Nynorsk wikipedia er vel ikkje staden for å diskutera artiklar på bokmålswikien. Men dersom du meiner at du kan gjera artikkelen meir nøytral, må du gjerne gjera det. So langt eg kan sjå er det ingen ting som står i bokmålswikien som er direkte feil. Her hadde det vore fint om du viste til noko konkret. Å fjerna opplysningar berre fordi dei kan verka ufordelaktige for den eine parten er ikkje objektivitet, dersom du trudde det. Eg kjem til å fylgja arbeidet ditt. Rea
Om den godaste anonyme og nyleg registrerte brukar Rea meiner at det som står under no:Høgnorskbevegelsen er nøytralt og heilt gangbart på Wikipedia, kvifor er då ikkje dette omsett til nynorsk/høgnorsk? Eg tenkte å ta ordskiftet her på nn: sidan dette er eit emne som gjeld høgnorsk/nynorsk. Om Rea står fram med fullt namn, og fortel kva tilknytting brukaren har til krinsen kring Målmannen, så ville det vera klargjerande. Brukar Rea ser ut til å ha detaljkunnskap og synsmåtar som berre den inste krinsen kring Målmannen har. Meiner verkeleg Rea at striden i rørsla er så viktig at ein bør skriva meir om den enn heile soga til høgnorskrørsla elles?

Med helsing frå Gunleiv Hadland --Gunnernett 18. januar 2006 kl. 17:50 (UTC)

For det fyrste: Diskusjonar om artiklar på bokmålswikipediaen må haldast på bokmålswikien og ikkje her, elles vert det uråd for dei som redigerar på bokmål å fylgja med.
For det andre: Gunnernett hevdar på fritt grunnlag at bokmålsartikkelen ikkje er nøytral, men han gjev ikkje eit einaste døme på kva det er som er rangt eller ubalansert. So her kan eg vel berre på fritt grunnlag svara attende at eg meiner artikkelen _er_ nøytral og balansert slik han er no. Alt som står skrive er dokumentert med referansar og kjeldetilvisingar, anten frå reportasjar og innlegg i aviser som Bergens Tidende eller frå offisielle årsmøtereferat og vedtak (som ein kan finna digitalt på www.sambandet.no). Alt som står på wikipedia skal kunna dokumenterast frå andre, eksterne kjelder, og det er ogso gjort med bokmålsartikkelen du refererar til.
Elles so er eg heilt samd i at det godt kan skrivast meir, mykje meir, om kva som hende i høgnorskrørsla før den interne striden på 2000-talet braut ut. Serskilt målstriden på 30-talet med vektleggjing på Gustav Indrebø og målstriden på 50-talet er viktig stoff å få fram. Her er det mykje forvitneleg historie å setja seg inn for dei som har tid og interesse. Men om me kjem litt nærare vår eiga tid, der høgnorsksaka har vorte ei ikkje-sak i ålmenta, er faktisk striden på 2000-talet det einaste som har fanga nemneverdig interesse i media. Rea

Kva er det som ikkje er objektivt her?[endre wikiteksten]

Eg kan ikkje sjå at nokon har argumentert for at denne artikkelen ikkje er objektiv. At ein er usamde i om den drosjen med aktivistar som skapte Målmannen var sentrale aktivistar eller berre aktivistar, er etter mi meining ikkje nok til at artikkelen fortener objektivitetsmerket. Om ikkje nokon fortel meg kva som er u-objektivt med denne teksten, slik at eg eller nokon andre endrar det som ikkje er objektivt nok, fjernar eg malen. OK? :-) --Tannkrem 21:50, 10 mai 2007 (CEST)