Diskusjon:Haakon Lie

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2007.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2007

Denne artikkelen seier Hokksund, med bokmålartikkelen som kjelde. Store Norske leksikon og Norsk biografisk leksikon seier Oslo (Kristiania). Dette er kanskje ikkje vesentleg, men om andre kan stadfeste Hokksund hadde det vore fint. roarjo 20. sep. 2005 kl. 16:36 (UTC)

Om ein skal tru Erling Borgen, så er fødestaden Oslo. «Haakons far ble ansatt i brannvesenet og kom til Oslo. Der ble Haakon født 1905, samme året som Norge fikk ny konge.» Sitat frå Borgen si bok «Diktatoren», uautorisert biografi om Haakon Lie. --Gunnernett 21. sep. 2005 kl. 16:07 (UTC)
Då synest eg me skal stola på Store Norske, Norsk biografisk og Erling Borgen og retta alle stadene Hokksund og Haakon er nemnd (det er ein del). Eit nokså grundig Google-søk fann heller ikkje noko samband mellom dei to, bortsett frå på Wikipedia. -- Ranveig 21. sep. 2005 kl. 22:10 (UTC)
Haakon lie ble født i Kristiania. Jeblad 17:07, 7 juli 2007 (CEST)

Bokmålsutgaven er kontrollert[endre wikiteksten]

Ettersom diskusjonssida byrja bli lang, fjerna eg påstandane i denne tråden (som likevell ligg i historikken) om at nynorskartikkelen inneheld feil, ettersom ingen har vore i stand til å svare på kva som er gale i artikkelen. Til nokon kan visa kva som er feil, og då skal det sjølvsagt rettast opp i med glede, er eg einig med den anonyme brukaren på nb om at påstandane er utan substans. Det tyder sjølvsagd ikkje at ein skal ta alt som står som god fisk, utan ein viss skepsis og kjeldekritikk. --Anders 14:04, 15 september 2007 (CEST)

Den eigentlege diskusjonen[endre wikiteksten]

Det er kanskje på tide å ta fatt på den eigentlege diskusjonen. Er Oslo og Christiania kvalitativt ulike begrep når ein omtalar hovudstaden i 1901? Omfattar omgrepet Oslo eit anna geografisk område enn Christiania i 1901, eller er dei like? Dersom ein slår fast at omgrepa er like i geografisk område i 1901 (og det meiner eg dei er etter byutvidinga i 1859) så blir det neste spørsmålet korleis held vi oss generelt til namneendringar? Oslo er ikkje den einaste byen som har skifta namn i norsk historie. Trondheim har vore Nidaros i fleire periodar. Eg meiner det i dei fleste tilfella vil vere rett å bruke det moderne namnet (men eg har ikkje sjekka om vi skriv Konstantinopel eller Istanbul for dei som er født der i den perioden) det er det dei fleste vil kjenne til, i alle fall om artikkelen om byen er tydeleg på at han har hatt eit anna namn i ein periode. Eg meiner derfor det er rett å seie at Håkon Lie er fødd i Oslo, sjølv om byen i dag er større geografisk enn han var i 1901 og at byen hadde eit anna namn den gongen. stykkjet 21:09, 7 juli 2007 (CEST)

Viktig prinsippspørsmål. Eg flyttar det til Eldre stadnamn på Samfunnshuset. --Ekko 12:19, 8 juli 2007 (CEST)

Ny teikning[endre wikiteksten]

Eg har lage ei teikning av Haakon Lie.

Overlet til andre om vi skal bruke den.--Andreasv 10:14, 15 september 2007 (CEST)

Svært imponerande (eg pensjonerer meg), og heilt klart det beste i miniversjon. Kanskje begge kan brukast i sjølve artikkelen, der kryr ikkje akkurat av illustrasjonar der. --Ranveig 10:32, 15 september 2007 (CEST)
Samd, du kan teikne! Hogne 13:31, 15 september 2007 (CEST)

Mangelfulle referansar[endre wikiteksten]

Eg kjenner ikkje alle bøkerne under Bibliografi, men går ut frå at Håkon Lie er forfattar av alle. Kvifor ikkje lista dei som fullstndige referansar, slik at leasarane slepp å grubla på dette? Det manglar òg utgjevar/forlag. Om dei vert lista slik er det nok informasjon til at interreserte lesearar kan skaffa seg bøkerne:

  • Lie, Håkon, Agitasjon og propaganda : håndbok for tillitsmenn i de norske arbeider-organisasjoner, Forlag?, 1934.
  • Lie, Håkon, Nazi i Norge, Forlag?, 1942.
--Sigmundg 21:07, 18 september 2007 (CEST)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 24. august 2008 kl. 22:18 (CEST)[svar]

[daud lenkje]