Diskusjon:Hagavik i Os

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tettstad eller ikkje?[endre wikiteksten]

Kan Hagavik kallast ein tettstad?

Utan å ha tenkt særleg mykje over det, ville eg i utgongspunktet seia at Osøyro er einaste tettstaden i Os kommune. (Kanhende med unntak av Søfteland?) Men no er eg ikkje sikker lenger…
--Verdlanco\ordskifte 7. jan. 2006 kl. 10:09 (UTC)

I fylgje Statistisk Sentralbyrå er Hagavik tettstad med god margin, det bur nok folk der til 6 1/2 tettstadar.
http://www.ssb.no/emner/02/01/10/beftett/tab-2005-06-03-01.html
--Jorunn 7. jan. 2006 kl. 11:23 (UTC)
Ja, ifølgje den sida er Hagavik berre 1,28 km2 stort, men har over 1 300 innbyggjarar. Viss dét stemmer, skal eg òg byrja å omtala det som ein tettstad – dei har trass alt si eiga kyrkje (på Nore Neset), sjølv om det er smått med butikkar, utsalsstader og anna som eg har forbunde med tettstader, der.
--Verdlanco\ordskifte 7. jan. 2006 kl. 15:41 (UTC)