Diskusjon:Hals på Tustna

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg reknar med at du meiner bruk der du har skrive G. nr xx? -- Larsivi 3. jun 2005 kl. 1254 (UTC)

Ja. Fint du er skarpsynt... :) Olve 3. jun 2005 kl. 1257 (UTC)

Eg ser at du kallar bnr. 10 for Slettet, og om eg har tolka rett så er dativforma Sletta.

Eg tillet meg å setja eit spørjeteikn ved denne skrivemåten på namnet. I stadnamn skal skrivemåten gjenspegla den opphavlege tydinga, samtidig som den skal leggast nær lokal uttale.

Den dativforma som er oppgjeven fortel at namnet kjem at inkjekjønnsordet eit slætt (av å slå), ikkje av det linne hokjønnsordet ei slette. Dette skulle då tilseie at rett skrivemåte på gardsbruket skal vera Slættet, ikkje Slettet.

Finn 00:16, 23 april 2007 (CEST)

Det er sant, men etablert og einerådande skrivemåte er Slettet, så da lyt vi halde oss til det her, sidan vi er eit leksikon heller enn eit politisk organ. Det er sjølvsagt fint å opplyse om etymologien i artikkelen, og da vil skrivemåten ‘slættet’ komma naturleg med. -- Olve 00:23, 23 april 2007 (CEST)
Hmmm... Har tenkt litt meir på dette. Kanskje eg kunne ta ein telefon eller to til dei som sit og normerer og sjå om dei kan «normere» denne for oss? :-) Olve 00:28, 23 april 2007 (CEST)

Eg er ganske sikker på at at vedteken måte å forkorta bruksnummer på er; bnr., ikkje b.nr.. Det same gjeld gnr. for gardsnummer. Om du lagar deg eit fiktivt Word dokument, så kan du jo sjå korleis retteprogrammet der reagerer på orda (på bokmål og nynorsk). Finn 21:31, 25 april 2007 (CEST)

Om vi let nynorskordboka vere rettesnor her òg, har Finn rett, sjå gnr. og bnr. Så den som vil kan vel berre starte rettinga. - Knut 21:59, 25 april 2007 (CEST)
Grei den. :-) Olve 22:03, 25 april 2007 (CEST)