Diskusjon:Haugesund kommune

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg har merka at hovedsidå om/te Haugesund ikkje har 100 % rett byvåpen. Sjekk ut denna siå http://www.haugesund.kommune.no/cgi-bin/haugesund/imaker?id=2558

Mvh. Ove :-) IRC: TAXXEN

Ord og uttrykk[endre wikiteksten]

Komle er vel standardordet mens raspeball er sereiget for bergensk? Det vert litt feil å ha det med då. Lars 22:44, 25 mars 2007 (CEST)

Eg kjenner fleire folk frå Rogaland som òg bruker raspeball, og ikkje komle. --Frokor 22:46, 25 mars 2007 (CEST)
I Norsk ordbok er det treff på raspeball som leier m.a. til Sunnmøre. Mitt inntrykk er også at raspeball vert brukt utom Bergen óg, og at det ikkje finnest eitt norsk standarnamn på denne retten. Har ein sagt komle må ein fort seie kompe, raspeball, raspekake, klubb, og potetball óg. (I Nynorskordboka står faktisk ikkje komle (kumle, raspeball, klubb og kumpe står.) --Jorunn 00:55, 26 mars 2007 (CEST)
Å skriva kumle men 'u' i standardnorsk er vel heilt parallelt til ord som 'humle', 'dukke', 'lukke' og 'rumpe'. Dvs. det uttalast vel oftast med o-ljud og ikkje ein u-ljod. Eg har aldri høyrt ordet 'kumle' uttalt med u-ljod i alle fall. (På haugesundsk skal det forresten òg vera a-ending i ubunden form, sidan det er eit svakt hokjønsord.) --Ben

Det står altfor mange ord i den lista. Mange av dei er ikkje eingong særeigne for Haugalandsdialekten, og svært få (kanskje ingen) av dei særtrekka som er nemnde i avsnittet om dialekt finst berre i Haugesund. Bolken kan godt kuttast ned, så kan informasjonen heller stå på Haugalandsdialekt, dersom det finst nokon på Nynorsk Wikipedia som har nok kunnskap om dialekten til å skriva den artikkelen. --Tannkrem 20:48, 28 juni 2007 (CEST)