Diskusjon:Hel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ettersom Hel og Helheim (som òg gjerne vert kalla Hel) er så nært knytta til kvarandre, føreslår eg at me omtalar begge to under tittelen Hel, elles kan det bli mykje oppattaking. Dessutan har me relativt lite informasjon om begge to, så to ulike artiklar vil bli vel korte. -- Ranveig 6. jan 2005 kl. 19:06 (UTC)

Hørest greitt ut! Kanskje Helheimen bør vera med her òg som tilvising? -- Olve 6. jan 2005 kl. 21:38 (UTC)

Eg tykkjer at det er forsåvidt ikkje er så farleg om det vert litt oppattaking. Under Hel kan det stå som akkurat gjeld Hel, mens under Helheim kjem det som gjeld heile "heimen". Med to artiklar får ein fram at Hel og Helheim ikkje er nett det same. Kva tykkjer de? --Gunnernett 8. jan 2005 kl. 15:02 (UTC)

Som eg sa er begge deler greit for meg, og ei todeling fungerer visst fint. Men Hel treng kanskje litt meir kjøt for å bli ein fullgod artikkel. -- Ranveig 8. jan 2005 kl. 15:19 (UTC)