Diskusjon:Henrik Ibsen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2006.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2006

"Det norske Theater" vart endra til "Det norske Teater". Men teateret heitte "Det norske Theater". Så det bør vel stå "Theater". --Gunnernett 12. juni 2006 kl. 10:38 (UTC)

Grelle saker[endre wikiteksten]

Her var det mykje å retta på. Eg gjekk nett gjenom og fann tolleg (elder kann henda utolleg) mange feil, både nynorskfeil, reine norske grammatikkfeil og setningar/avsnitt som berre er kaotiske. Eg hev freista bota på det eg kann og hev tid til, men det stend framleis mykje att. T.d. gjeng det å lesa det fyrste avsnittet av Livssoge, men det er ikkje berre lett. Familieutgreidingi er minder enn lettlest, og treng ei upprydding. Kann henda byrja ein tenkja yver um me i røyndi treng fullt so mykje um diverse havbrødre og andre liknande frendar, serleg sidan brevsitatet ikkje er med i teksten som er synleg på sida. Diverre er den faglege kunna mi um Ibsen litin, so eg vil helst ikkje skriva um dei mest innfløkte delane, i fall eg skulde koma til å skriva um til ei onnor tyding som ikkje er rett. Det segjer seg sjølv at eg deil feilene eg hev funne er feil etter moderne rettskriving.Edaindirith 14:58, 27 september 2007 (CEST)

Einig, som første del av livssoga er det tungt å lesa og truleg for detaljert. Eg skal sjå etter om eg har ein Ibsen-biografi ein stad, eller andre som føler seg kalla kan gjera noko med saka. --Ranveig 15:12, 27 september 2007 (CEST)