Hopp til innhald

Diskusjon:Hermann

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Nytt emne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siste kommentar: for 16 år sidan av Ekko

ei latinisering av det greske namnet "Γερμανός" eller den slaviske varianten Герман, er dette sant? Eller er desse namna ei omskriving av det (opphavelege) tyske? --Ekko 18. februar 2009 kl. 12:14 (CET)Svar

Korleis eit tysk namn kan vere ei latinisering av eit gresk namn, forstår ikkje eg. --Knut 18. februar 2009 kl. 21:41 (CET)Svar
Den slaviske varianten vert German med latinske bokstavar, noko ein ofte ser i russisk for namn som startar på H (Hamburg -> Gamburg, Hitler -> Gitler osv.) Berre ut i frå det ville eg trudd at German var ei «slavifisering» av Herman. --Frokor 18. februar 2009 kl. 23:22 (CET)Svar
Heilt einig. At Germanos skal vera eit opphaveleg gresk namn som har oppstått uavhengig av det gfermanske Herman hhøyrest òg rart ut. Det bør ei autorativ kjelde til for å seie at det er slik. --Ekko 19. februar 2009 kl. 10:40 (CET)Svar

Eg fjerna kjelda russisk vert Herman stava Герман - sjå òg Interwiki. For det første rekna me ikkje wikipedia som ei god kjelde, til det er me for upålitelege. Og det me ber om kjelde på er påstanden om at et finst eit gresk og eit russisk namn som ikkje har rot i det germanske. Det eg trur er at det greske og russiske namnet berre er ei lokal tilpassing av det opphavlege germanske. Om namnet har eit germansk opphav blir det feil å snakke om ei latinisering, då er det tvert om, Герман er den kyrilliske transkriberinga av Hermann. Men det er blitt ført opp ei bok i kjeldelista då {{manglar kjelde}} blei fjerna. Ho gjev truleg svar. --Ekko 21. februar 2009 kl. 21:29 (CET)«»Svar

Kva for ei bok siktar du til? --Knut 21. februar 2009 kl. 21:36 (CET)Svar
Nei, den kjelda har stått der heile tida, den har ikkje noko om slaviske eller latiniserte former. --Knut 21. februar 2009 kl. 22:39 (CET)Svar
Basert på det eg skreiv over er det særs truleg at namnet vert transkribert slik som det står nemnd. Derfor seier dei Gitler, gamburger, gomeopati osv. yandex.ru er Russland sitt svar på Store Norske Leksikon. Det bør vel vere ei grei nok kjelde? Герман --Frokor 21. februar 2009 kl. 22:36 (CET)Svar
OK, då ventar me litt og ser om aletheia har ei kjelde, før me slettar setninga. --Ekko 21. februar 2009 kl. 22:49 (CET)Svar