Diskusjon:Hilde Kalleklev

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Slett - Fylkeslagsleiar i ein organisasjon, eg meiner det ikkje gjev grunn for eigen biografiartikkel. Sjå diskusjon her. --Jorunn 09:44, 18 mai 2007 (CEST)

Har vore fylkestingspolitikar, men det blir litt snaut det òg. Slett. --Ekko 10:55, 18 mai 2007 (CEST)

Ikkje slett - For meg kan me gjerne ha både lokalpolitikarar og fylkestingspolitikararWikipedia. Det er ikkje nødvendig å ha noko grense. --Guttorm 11:44, 18 mai 2007 (CEST) Ho har også vore med i styringa av Natur og ungdom, og er med i sentralstyret åt Naturvernforbundet (ikkje det at eg trur de veg tungt for dykk slettarar...)-Guttorm 11:49, 18 mai 2007 (CEST) Biografiar om lokalpolitikarar kan vera av stor verdi for veljarane i haustens kommuneval, det er veldig vanskeleg å finna skikkeleg informasjon om desse politikarane. Eg ser ikkje føre meg at me kjem i nærleiken av skriva om alle desse politikarane, men det kan like fullt vera ein opning for det. --Guttorm 12:01, 18 mai 2007 (CEST)

(Det har tidlegare vore diskutert om kommunepolitikarar skal ha artiklar og då vart det meint at det skulle dei jamt over ikkje ha, og slike artiklar vart sletta, sjå t.d. Diskusjon:Astrid Larsen og Diskusjon:Henny Førland Berger. Her verka då vere stemning for at her ikkje skal vere artiklar om kommunestyrerepresentantar. Det har også vorte stramma inn på det på Wikipedia på bokmål (i forkant av kommunevalet i år).
(At det er veldig vanskeleg å finne skikkeleg informasjon om noko kan vere ein god grunn for å ikkje ha artikkel om emnet, går det ikkje å finne gode nok kjelder er det heller ikkje Wikipediastoff.)) --Jorunn 12:53, 18 mai 2007 (CEST)
Hilde Kalleklev har hatt relativt viktige verv i fleire organisasjonar, og er såleis meir leksikonverdig enn ein lokalpolitikar som sit som meinig medlem i eit kommunestyre. Fleire artiklar på Wikipedia handlar om lite kjende folk (til dømes mållagsfolk og leiarar i bittesmå organisasjonar). Det er òg, såvidt eg kan sjå, aksept for å skriva om dei mest kjende lokalpolitikarane, som ordførarar, varaordførarar, gruppeleiarar og ein del andre folk som er aktive i organisasjonslivet. I bokmåls-wikien sin stilmanual, som du refererer til, vil det vera nok at ein er gruppeleiar for eit parti i eit fylkesting, og det har Kalleklev vore, står det her: [1]. Slik det er her no, vert vel saka vurdert for kvart tilfelle, og slik må det vera fram til me lagar nokre meir eller mindre klåre retningsliner. Men for meg er det ikkje noko problem om artikkelen vert sletta. --Tannkrem 13:25, 18 mai 2007 (CEST)
Er jo synd at det ikkje har vore stemning for kommunepolitikarar før og at slettemanien breier seg på Nynorsk Wikipedia også (men me har iallfall slettediskusjonen knytt til sidene som blir sletta, dette er ein kjempefordel!), men Kalleklev er no ikkje, som Tannnkrem påpeikar, i denne kategorien. Artiklane du refererer til ser elles ut til å ha blitt sletta utan nødvendig konsensus, og har vel kanskje hatt andre svake punkt (kjelder?) som gjorde dei meir kvalifiserte til sletting? Er elles einig i at uetterettelege artiklar ikkje er noko å ha, men problemet med kommunepolitikarar er vel ofte at kjeldene er der, dei er berre dårleg tilgjengeleg (kommunale sider som ikkje blir skikkeleg indeksert, lokalaviser som ikkje er offentleg tilgjengelege på nett, lokalpartidokument som ikkje er tilgjengelege på nett osb.). Elles skjønar eg ikkje heilt kvifor Tannkrem argumenterar for å halde på artikkelen dersom "det ikkje [er] noko problem om artikkelen vert sletta". --Guttorm 15:35, 18 mai 2007 (CEST)
Når den som er omtalt ikkje sjølv vil stå på Wikipedia, og heller ikkje er ein veldig kjend person, synest eg ikkje det er noko problem å sletta. Eg må likevel kunna meina at ein gruppeleiar i eit fylkesting er meir interessant for NW enn alskens anonyme kommunepolitikarar, ut frå ein prinsipiell ståstad, altså at eg ikkje synest Jorunn sin argumentasjon held vatn i utgangspunktet. Eg synest heller ikkje at alle kommunepolitikarar er viktige nok til å verta omtalte her, men terskelen treng ikkje vera så høg som det vert lagt opp til no. --Tannkrem 16:25, 18 mai 2007 (CEST)