Diskusjon:Historia til London

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Historia til London[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Treng nok ein språkvask, men er ellers lang og utfyllande. Martin NH 28. mai 2008 kl. 18:02 (CEST)[svar]

Har no lese og lagt inn dei referansane frå artikkelen på engelsk som høver med artikkelen her. Martin NH 28. mai 2008 kl. 20:44 (CEST)[svar]

Dette kan bli ein god artikkel, men han har ein veg å gå. Merknaden om manglande referansar er relevant.--Bep 29. mai 2008 kl. 00:05 (CEST)[svar]

Kommentar til Sigmundg si mot-røyst:

Eg går ut frå at verka som er oppgjevne under Litteratur blei brukte til å skriva den opphavlege artikkelen på bokmål. --Ranveig 28. mai 2008 kl. 23:11 (CEST)[svar]
Tja, når eg les setninga «I 1497 slo tronkrevjaren Perkin Warbeck leir med sine styrker ved Blackheath» ynskjer eg kanskje å finna ut meir om dette emnet, eller det kan vera at eg tvilar på årstalet (eg har ingen grunn til å gjera det her) og ynskjer å kontrollera det i ei anna påliteleg kjelde. Under Litteratur er det lista fire kjelder; men så lenge artikkelen ikkje refererer til ei, eller fleire, av dei må eg skaffa meg og lesa fire bøker.
Det er ikkje berre denne artikkelen, men svært mange artiklar på WP, som slurvar med kjelder. Truleg kjem det av at forfattarane ikkje er vane med å nytta kjelder, så kanskje vi får legga skulda på skulen? Av dei fire kjeldene i denne artikkelen er det berre [1] som er fullstendig. Dei tre andre manglar utgjevar/forlag. Her er ISBN er rett nok oppgjeve, men eg er ikkje så begeistra for ISBN, på grunn av at det er for nøyaktig. Med «for nøyaktig» meiner eg at same boka ofte kjem ut i mange land samstundes, med forskjellig ISBN, eller i utgåver med mjuke og stive permar. Når det står det same i dei spelar det ingen rolle kva for utgåve ein får tak i. I ein god artikkel bør det stillast krav om rett bruk av referansar. Når ein vert van med å referera til kjelder går det av seg sjølv, utan at ein tenkjer så mykje over det. Kva med å syta for at nynorsk WP vert betre enn bokmål WP på dette området?
=== Referanse ===
  1. Richard, Swanton (red.), The Anglo-Saxon Chronicle, Phoenix Press, London, 2000.
  2. --Sigmundg 28. mai 2008 kl. 23:39 (CEST)[svar]
    Hm, no har artikkelen fem referansar og fire litteraturreferansar. Meir kjelder og referansar finn eg rett og slett ikkje! --Martin NH 29. mai 2008 kl. 09:24 (CEST)[svar]
    Det er ikkje vanskeleg å finna bøker om historia til London: [1]. Eg meiner ikkje at det er naudsynt å kjøpa alle desse, men truleg kan ein finna nokre bøker om historia til London på dei fleste større biblioteka (eg har ikkje sjekka dette). Og det er naudsynt å lesa mange referansar om eit emne før ein er i stand til å sortera ut dei mest truverdige og relevante kjeldene som ein ynsker å referera til. Mange journalistar tek seg ikkje bryet med dette og resultatet er ofte missvisande informasjon i aviser. Ei av dei avisene eg har mest respekt for er Le Monde; grunnen er at journalistane der ofte referer til kjeldene dei har henta opplysningar frå.
    Å velga ut gode referansar er ikkje noko ein gjer i ei handvending. Men når ein har arbeidd med eit emne ei tid bygger ein ofte opp ei samling med artikklar og bøker som ein kjenner godt. Då er det ikkje lenger så vanskeleg å finna gode referansar.
    Desse kommentarane gjeld ikkje berre denne artikkelen. Mange artikklar som er merkte som gode manglar kjelder og burde ikkje (etter mi meining) ha vorte moerkte gode før referansane var på plass. Ei god løysing kan vera å lima inn {referanse manglar}, der det trengst dokumentasjon for ein påstand. Så kan alle vera med på å finna naudsynt dukumentasjon. Referansar er til for at lesarane skal få høve til å finna meir informasjon om eit emne, så det er viktig at dei held så høg kvalitet som mulig. Det hender ofte at kjeldene gjev motstridande opplysningar, til dømes ulike årstal. I slike høve er det ofte naudsynt å få tak i og lesa fleire kjelder for å freista å avgjera kva kjelde som er rettast. Dette er ikkje alltid mogeleg og då er det best å sitera fleire forfattarar og nemna at kjeldene er usamde. Dette kan i sin tur innspirera andre til å undersøka saka og kanskje finna ut meir. Det er betre å lima inn {kjelde manglar} enn å nytta ei tvilsam kjelde.
    Når det gjeld denne artikkelen truer eg ikkje det vil by på problem å finna truverdige kjelder. Og når kjeldene er på plass vil eg røysta for at artikkelen vert klassifisert som god. --Sigmundg 30. mai 2008 kl. 17:16 (CEST)[svar]
    No har eg sjekka fakta opp mot ei bok på biblioteket, og lagt inn referanse til den ymse stader i teksten. Eg veit ikkje om eg gjorde det rett, så eg hadde sett pris på om det blei retta opp dersom det er feil. Martin NH 3. juni 2008 kl. 08:28 (CEST)[svar]
    No har eg lagt inn dei referansane eg kunne finne på biblioteket. Meir fann eg ikkje! Martin NH 6. juni 2008 kl. 11:34 (CEST)[svar]


    Denne artikkelen har vore oppe til røysting ganske lenge no. Det hadde vore greitt å fått ei avklaring i om artikkelen kvalifiserer eller ikkje. Martin NH 17. juni 2008 kl. 15:44 (CEST)[svar]

    Tre veker er ikkje lenge, og det er heller ikkje to månader. Om me skal forhasta oss med å ta desse avgjerdene, må eg røysta mot oftare enn eg har gjort til no, rett og slett fordi eg meiner at flest mogleg bør lesa artiklane grundig før ei eventuell utnemning. Og det gjeld særleg omsette artiklar, fordi dei ikkje har vorte jobba like lenge med på nn: som andre lange artiklar og fordi artikkelforfattarane sjølve gjerne ikkje har inngåande kjennskap til emnet. Sjå til dømes Isar, der me ikkje var langt frå å enda opp med ein "God" artikkel med mange faktafeil, men etter eit års krangel, dugnad og flikking endte opp med eit bra resultat. --Tante Sofie

    Artikkelen har mange {{kjelde manglar}}. Dei må fyllast ut. I tillegg trengst det ein grundig språkvask. Men bortsett frå det, ser artikkelen grei ut. --Tannkrem 21. juli 2008 kl. 23:13 (CEST)[svar]

    Kjelde manglar gjeld påstandar frå den originale teksten. Eg går ut i frå at bøkene som er lista opp under litteratur blei brukt som kjelde på desse. Eg har ikkje lukkast i å finne desse på (mange) bibliotek. Andre bøker har kunna stadfeste enkelte påstandar, men ikkje alle. Resten av Kjelde manglar-påstandane kan eg ikkje finne i nokon bøker om emnet, men eg går som sagt ut i frå at bøkene under litteratur blei brukte for desse påstandane. At det trengst ein grundig språkvask er det ingen tvil om. Martin NH 23. juli 2008 kl. 18:03 (CEST)[svar]
    Skal ein fjerne desse påstandane, eller er teksten frå andre Wikipediar god nok kjelde? Martin NH 13. august 2008 kl. 22:07 (CEST)[svar]
    Gje meg ein dag (veit eg har hatt litt lenger tid enn det, men i morgon kjem alltid så brått på) og eg skal sjå om eg ikkje kan finna nokre solide kjelder til dei. --Ranveig 13. august 2008 kl. 22:21 (CEST)[svar]
    Takk for at du tek deg tid til det, eg fann som sagt ikkje kjelder som kunne stadfeste påstandane. Martin NH 13. august 2008 kl. 22:37 (CEST)[svar]
    Eg sit vel litt nærare utspringet, for å seia det slik... --Ranveig 13. august 2008 kl. 22:39 (CEST)[svar]
    Takk for arbeidet med referansar og anna! :-) --Martin NH 14. august 2008 kl. 21:42 (CEST)[svar]

    Då oppfyller vel artikkelen krava om røystingar og innvendingar? Martin NH 18. august 2008 kl. 08:27 (CEST) Eller? Martin NH 4. oktober 2008 kl. 09:30 (CEST)[svar]

    Oisann! Eg var sikker på at denne var blitt utnemnd for lengst... og det var kanskje andre her og. --Ranveig 4. oktober 2008 kl. 10:03 (CEST)[svar]

    Røysting[endre wikiteksten]

    Ref- til TV-program[endre wikiteksten]

    Dei to referansane til "Channel4.com" tykkjest vera stutte samandrag av TV-program, noko som ikkje er særleg nyttig som referansar. Då er det betre å setta inn {kjelde manglar}, som eit hint til andre om å hjelpa til med å finna ei høveleg referanse. --Sigmundg 3. juni 2008 kl. 16:59 (CEST)[svar]

    Nei, det er feil å bruka den malen når ein har ein kjelde. Me kan kanskje laga ein «vag kjelde» eller «betre kjelde»-mal som gjer det du seier. --Ranveig 3. juni 2008 kl. 17:14 (CEST)[svar]
    Tja. Eg ville ikkje rekna ei programoversikt for TV som ei kjelde. Etter mi meining er det betre å setta inn malen {kjelde manglar} enn å lata som om ein har ei kjelde. Om kjelda er vag er ho vel heller ikkje nyttig for lesarane? Det er ikkje noko mål å ha flest mulig kjelder, men å dokoumentera kvar inforasjonen kjem frå og syna lesaren til literatur med meir utførleg informasjon. Ei god kjelde er betre enn 10 tvilsame. Eg trur ikkje det er vanskeleg å finna gode kjelder om Longon for den som leitar litt. --Sigmundg 3. juni 2008 kl. 17:35 (CEST)[svar]
    Greitt at du fjerna referansen Sigmundg. Som du sikkert såg har eg lagt inn referansar til ei bok eg fann på biblioteket. Takk for at du ordna opp med organisering av referansar og slikt. Martin NH 3. juni 2008 kl. 17:22 (CEST)[svar]
    Ja, eg såg du hadde lagt inn ei kjelde. Dette er rette måten å dokumenta ein historieartikkel på. Dei som er interreserte i historia til London vil truleg setta pris på referansar som syner til bøker med meir informasjon. Denne artikkelen kjem til å verta ein god artikkel når hendingar og årstal vert dokumenterte ved å syna til pålitelege kjelder. Dette med kjelder er eit av dei svakaste punkta til Wikipedia i dag, men om vi legg oss i selen går vi snart forbi mange dagasaviser i kvalitet. --Sigmundg 3. juni 2008 kl. 17:35 (CEST)[svar]
    Kunne du sett inn manglar referanse på desse hendingane og årstala du referer til? Det ville gjort jobben med å finne kjelder litt lettare. Martin NH 3. juni 2008 kl. 19:33 (CEST)[svar]
    No har eg sett inn [treng kjelde] i avsnittet «Angelsaksisk tid», der eg meiner at det bør synast til kjelder (der eg ville setta pris på å finna kjelder når eg les ein historieartikkel for å læra om emnet). Når eg les til dømes setninga «London blei angripen i 842 og 851», så ynskjer eg å gå til ei kjelde for å lesa meir om dette. Det hender at ulike kjelder oppgjev forskjellige årstal for historiske hendingar og då er det svært viktig å vita kvar eit oppgjeve årstal er henta frå.
    Når ein omset ein artikkel frå eit anna språk er det svært vanskeleg, eller umuleg, å syna til kjelda som forfattarane av orginalartikkelen har nytta. Opplysningane finst (til dømes i [1], men når dei ikkje er oppgjevne i den engelske versjonen er det mykje arbeid å finna dei.
    Å setta inn gode referansar for det eine avsnittet «Angelsaksisk tid» ville ha vore lettvint for forfattarane av den engelske versjonen (berre dei veit kvar dei henta opplysningane frå), men vil føra til mykje ekstraarbeid i ettertid. Det eg vil fram til er at artiklar utan kjelder er vanskelege å omsetta, noko som synar kor viktige det er å gje opp gode kjeldene.
    Mange klaskar inn ei meir eller mindre tilfeldig bibliografi etter artikkelen (det er lettvindt), men så lenge det ikkje er referert til kjeldene i teksten er lesarane nøydd til å lesa alle kjeldene for å finna kjelda til ei einskild opplysning, noko som ikkje er realistisk. Eg seier ikkje at ei bibliografi er utan verdi. Som supplemang til referansar kan ei bibliografi vera nyttig for dei som verkeleg ynskjer å gå djupt inn i emnet. (Dette er ein general kommentar og gjeld ikkje denne artikkelen)
    Ut frå tidlegare diskusjonar om kjeldebruk går eg ut frå at mange vil meina at det vert for mange kjelder om ein skal fylja oppmoinga mi om å setta inn kjelder alle stadar der eg har plassert {kjelde manglar} i avsnittet «Angelsaksisk tid». Eg vil difor oppmoda til vidare diskusjon om dette.
    At denne diskusjonen hamna i samband med «Historia til London» var vel litt tilfeldig. Denne artikkelen held på å få relevante kjelder og er difor på tur til å verta betre enn gjennomsnittet på nynorsk WP. Men det er vel ikkje så merkeleg at kandidatar til gode artiklar held betre kvalitet enn gjennomsnittet...
    Eg har sjølv hatt problem med kjelder når eg har omsett artiklar frå andre språk (om oppfinnarar til dømes) og har mange gongar kome til at det er enklare å skriva ein ny artikkel, der eg har nytta kjelder eg har tilgang til og kjenner. Eg har ikkje noko fasittsvar på dette problemet, men trur det kan koma mykje bra ut av vidare diskusjon.
    === Referanse ===
    1. Sturlason, S., Snorres kongesoger, Det Norske Samlaget, 1979.
    2. --Sigmundg 3. juni 2008 kl. 23:56 (CEST)[svar]