Diskusjon:Historie

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vanskar med artikkelen[endre wikiteksten]

Eg kan ikkje med det same setja fingeren på alt som verkar rangt med denne artikkelen, slik som han er no, men eg kan nemna at soge som vitskap ikkje vert introdusert, men berre nemnd i ei setning; og at nokre formuleringar bryt med nøytralitetsprinsippet (t.d. det å kalla noko amoralsk). Det er heller ikkje vist til nokon kjelder. --Njardarlogar (ordskifte) 12. januar 2019 kl. 12:46 (CET)[svar]

Einig, mange problem her. Det er sikkert like greitt å byrja på nytt. --Ranveig (diskusjon) 12. januar 2019 kl. 12:54 (CET)[svar]
Substubb eller byrja på nytt, trur eg. Eg har lagt til Bakgrunnsstoff. 176.11.206.45 13. januar 2019 kl. 19:28 (CET)[svar]
Eg er samd. Vi treng ein artikkel Historievitskap. Trondtr (diskusjon) 14. september 2019 kl. 09:42 (CEST)[svar]
Eg ser no at alle andre wp-versjonar nyttar Historie heller enn historievitskap, og gjer det same. Eg har no fjerna versjonen vi har referert til i denne diskusjonen (sjå historikken), og laga eit nytt utkast, basert på men kraftig redigert frå bokmålsversjonen. Bokmålsversjonen har ein del svake punkt: Framhevinga av kinesisk og arabisk tradisjon over Ranke kan vere triveleg i og for seg, men speglar ikkje rolla til desse tradisjonane i historiefaget. Artikkelen var også generelt alt for amerikansk dominert, med for lite vekt på europeiske og norske perspektiv. Det som eg no ser på som manglar, er ei betre framstilling av marxistisk historie, og ei meir eksplisitt framstilling av historiefaget i Noreg. Eg kom hit fordi eg ville kategorisere artikkelen Neverdokument 292, vi treng med andre ord også tekst om kjelder og kjeldekritikk. Historikarar er med dette utfordra. Trondtr (diskusjon) 14. september 2019 kl. 10:38 (CEST)[svar]
Ja, og så er etymologidelen for stor og utflytande. Trondtr (diskusjon) 14. september 2019 kl. 10:41 (CEST)[svar]
... men no stramma opp. Trondtr (diskusjon) 14. september 2019 kl. 11:11 (CEST)[svar]
Ja, dette er mykje betre. Men eg er einig i at me bør få betre illustrasjonar etterkvart. --Ranveig (diskusjon) 14. september 2019 kl. 12:17 (CEST)[svar]