Diskusjon:Hjørungavåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvifor er Hjørungavåg ein del av tettstaden Hareid, medan Brandal er ein eigen tettstad? Verkar merkeleg! Widnes (diskusjon) 17. april 2013 kl. 23:11 (CEST)

Som det står i artikkelen tettstad. Statistisk sentralbyrå på si side definerer ein tettstad som ei samling hus der det bur minst 200 personar, det vil seie rundt 60-70 bustadhus, og der avstanden mellom husa normalt ikkje er meir enn 50 meter. Etter denne definisjonen er tettstadgrenser uavhengige av kommune- og fylkesgrenser, og det er heller inga øvre grense for storleiken på ein tettstad, eller ei avgrensing mot omgrepet by. Vil tru det derfor er meir enn 50 meter avstand mellom næraste hus i Brandal og Hareid. Me valte i si tid å følgje denne definisjonen, men det gjev per definisjon enkelte «rare» tettstader, t.d. eit byggefelt som ligg litt isolert litt. 50 meter er jo ikkje akkurat veldig mykje! --Frokor (diskusjon) 17. april 2013 kl. 23:42 (CEST)