Diskusjon:Hn/Målmannen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen er svært nær rein reklame. Kor mykje ein må betala i bladpengar og at ein får gratis prøvenummer høyrer i alle fall ikkje heime i eit oppslagsverk, men heile artikkelen har ei unøytral vridning som i det minste gjer at ein får tru at det er ikkje er noko opphavsrettslege problem med å bruke det biletet og så mykje avskrift av den offisielle heimesida, eller? Jorunn 8. apr 2005 kl. 2359 (UTC)

Avsetjinga av Myrvoll[endre wikiteksten]

Finst det nokon dokumentasjon for påstandane om at Klaus Johan Myrvoll vart avsett av di han ikkje ville prenta ein artikkel av Erez Uriely? Eg har lese Anders Moe sitt lesarbrev i Dag og Tid, "Piratutgåva av Målmannen", men eg kan ikkje sjå nokon stad der han skriv at Klaus Johan Myrvoll vart avsett av di han ikkje ville prenta ein artikkel av Erez Uriely. Har Magnus Bernhardsen andre kjelder for påstandane sine? Magnus Bernhardsen bør anten visa til dokumentasjon, eller so bør desse utsegnene takast bort frå artikkelen. Truthbetold

Omsetjing til gjeldande nynorsk?[endre wikiteksten]

Sidan det no finst ei eiga avdeling for artiklar på høgnorsk, burde ikkje denne artikkelen vore "omsett" til gjeldande nynorske rettskriving, og høgnorskutgåva flytt til høgnorskavdelinga? --Erling 14. juni 2006 kl. 18:35 (UTC)

Det kan du gjera når du _fyrst_ har flytta den opphavlege artikkelen over i høgnorskseksjonen. Rea
Ja, orsak, eg var ikkje sikker på koss eg skulle gjera det - eg er glad for at det vart ordna og takkar dei som ordna det. --Erling 15. juni 2006 kl. 19:22 (UTC)