Diskusjon:Hn/O Canada

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skal denne teksten rettast til ordboksnorsk eller merkast som høgnorsk? --Ekko 23. juni 2008 kl. 11:55 (CEST)[svar]

Føretrekkjer begge delar. No kan hovudartikkelen rettast etter ordboka. Anders 23. juni 2008 kl. 12:06 (CEST)[svar]

To omsettingar[endre wikiteksten]

Kvifor er det to omsettingar til norsk? --Sigmundg 23. juni 2008 kl. 16:29 (CEST)[svar]

Av di det er to ulike originalar. --Ekko 23. juni 2008 kl. 17:04 (CEST)[svar]
Men i artikkelen står det at «I 1906 fekk ein fyrste engelske umsetjingi av songen», som tyder at den engelske versjonen er ei omsetting av den franske orginalen. Det finst difror berre ein orginal: den franske. Den norske omsettinga bør difor ta utgangspunkt i den franske orginaren og omsettinga frå den engelske omsettinga er korkje naudsynt eller ynskjeleg. Di fleire gong ein omset ein tekst, di lengre fjernar ein seg frå orginalen, no dei to versjonane syner. --Sigmundg 23. juni 2008 kl. 19:37 (CEST)[svar]
Då må du lese resten av setninga der det står at den engelske utgåva er ein nyskriven tekst og ikkje ei omsetjing av den franske. --Frokor 23. juni 2008 kl. 19:58 (CEST)[svar]
Då stiller det seg annleis, men kanskje dette burde koma klårare fram i artikkelen, til dømes ved at dei norske omsettingane vart merkte «Norsk omsetting av den franske versjonen» respektivt «Norsk omsetting av den engelske versjonen»? --Sigmundg 23. juni 2008 kl. 21:55 (CEST)[svar]
Ja, det er sikkert ikkje dumt. --Frokor 23. juni 2008 kl. 22:26 (CEST)[svar]