Diskusjon:Humanistisk jødedom

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ordet «kjennspak»[endre wikiteksten]

"Kjennspak" kan ikkje vere noko vanleg ord, sidan det ikkje finst på nynorskordlista frå UIO på nett. Eg har heller aldri hørt det. Det ville ikkje vere særleg lurt, tykkjer eg, om vi bruka mange ord som dei fleste lesarane/brukarane av artiklane våre ikkje skjøna. Eg kunne tenkt meg å høre med andre bidragsytarar om dei kjenner ordet eller ikkje. Ikkje for at eg insisterer på å få ordet fjerna, det kan stå viss Olve absolutt vil ha det der, men berre som ei lita undersøking, sidan Olve meiner det er så vanleg og utbreidd. Kven kjenner til/kjenner ikkje til ordet "kjennspak"? --Erling 31. mai 2006 kl. 06:11 (UTC)

Berre ein liten replikk her: Kan nokon finne eit ord som tyder det same, så byt det gjerne ut. (Eg påstår forresten ikkje at det er det vanlegaste ordet i Noreg — men at det er vidt (men kanskje tynt) utbreidd er eit faktum.) -- Olve 31. mai 2006 kl. 14:13 (UTC)
Aldri sett før. Det er fint å lære nye ting, men Erling har eit poeng i at me bør kunne finna orda i ordlista (Norsk Ordbok har eg diverre ikkje råd til). --Ekko 31. mai 2006 kl. 06:16 (UTC)
Mens vi talar om språk - i "Mellom bakkar og berg" står det oftast "heve nordmannen fenge sin heim". Men elles brukar Aasen (som Vinje) -er som ending i verb som "kjemer", "gjerer" osv. Skal det da ikkje vere "hever" i staden for "heve"? Altså anten "hev" eller "hever"? Kva slags form er denne "heve"? Nokon som veit? --Erling 31. mai 2006 kl. 07:25 (UTC)
Underleg at du tek opp dette, for det gjorde Arvind òg i går kveld. Det vil seia, han lurte på kva skilnaden mellom "hev" og "heve" var. Me fann ikkje noko svar, men gjetta på at det hadde noko med person å gjera. Eg kjenner forresten heller ikkje ordet "kjennspak". -- Ranveig 31. mai 2006 kl. 09:52 (UTC)

Utbreiing[endre wikiteksten]

Ordet kjenn(e)spak er registrert frå Nesna, Bjørnskinn, Fillan, Nordfjord, Froland, Velfjord, Nissedal, Vågå, Nøtterøy, Hof, Eiken, Modum, Nordre Land, Onsøy, Skien, Selje, I utgjeven litteratur: Dagen 1973 147,3,1 (L); Aukrust, Olav / Dikt i samling [Aukr s.166]; Faye, Andreas / Dansk-Norsk Ordbog (frå 1840-åra); Aarset, Terje / Ei bok om Hans Mo [Reidar Djupedal Aars HM] I Google: 62 treff, inkludert eit treff frå Riksmålsordboken. Ordet står òg oppført i Nynorskordboka, men berre med skrivemåten kjennespak og ei litt anna tyding enn den tydinga som er vanlegast i praktisk språkbruk. -- Olve 31. mai 2006 kl. 15:16 (UTC)

Tyding og eventuelle synonym[endre wikiteksten]

Kjennspak tyder nærmast «iøynefallende» (nb), «umiddelbart karakteristisk». Korleis kan vi få fram same tydinga med eit anna ord utan å ende opp med riksmålskansellistil? («Viktig» tyder noko anna.) Konkurransen er hermed utlyst! :-) Olve 31. mai 2006 kl. 14:40 (UTC)

Hm. Riksmålsordboka seier "Kjennspak, som har lett for å kjenne (noget, personer) igjen; som har skarp visuell hukommelse." Og det er jo noko heilt anna, og faktisk det same som nynorskordboka seier om kjennespak. --Ekko 31. mai 2006 kl. 17:25 (UTC)
Eg har aldri høyrt om dette ordet før, men det er visst mellom anna eit ord i Porsgrunnsmål, og tyder gjenkjendelig, let kjendelig i fylgje Porsgrunns-maal

ved Hans Reynolds [1] --Gunnernett 31. mai 2006 kl. 17:40 (UTC)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [2]. BepBot 24. august 2008 kl. 22:36 (CEST)[svar]

[daud lenkje]