Diskusjon:Husdyrbruk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bør denne artikkelen flyttast til Husdyrhald? --Sigmundg 13. oktober 2009 kl. 18:04 (CEST)[svar]

Kanskje er det ein liten skilnad i tydinga, der ordet husdyrbruk er meir næringsretta. Jamfør ord som jordbruk, hagebruk, skogbruk, utmarksbruk - alle innarbeidde omgrep. Før i tida var det ei eigen studieretning på NLH for husdyrbruk. --Knut 13. oktober 2009 kl. 18:29 (CEST)[svar]
Sidan det er så lite tekst no, bør det eine peika til det andre fram til nokon tek på seg å skriva utførleg om det eine eller det andre. Husdyrhald kan vel helst peika hit fram til dess, for me pleier vel la rette titlar stå om det ikkje er nokon god grunn til å endra dei. --Ranveig 13. oktober 2009 kl. 20:52 (CEST)[svar]
Det er kanskje ikkje så stor skilnad, men etter som vi har ein kategori som heiter Husdyrhald ville det verka naturleg at artikkelen heite Husdyrhals òg. Alternativt kan kategorien endrast til Husdyrbruk. --Sigmundg 13. oktober 2009 kl. 21:42 (CEST)[svar]
Eller kanskje artikkelen burde flettast saman med Husdyr?
Slik han står no, kunne han godt vore fletta både med landbruk og med husdyr, men vi bør heller tenkje på å utvide artikkelen. Eg fekk ein gong ei eksamensoppgve med tittelen "februket i Noreg på 1800-talet", og om nokon skulle søkje informasjon på nettet for å få kunnskap om noko slikt i dag, var det artig om dei fann han hos oss. --Knut 13. oktober 2009 kl. 22:56 (CEST)[svar]
Knut de er velgodt kvalifisert til å utvida desse atikklane. Eg var mest oppteken med å få ein fornuftig struktur på kategoriane i denne samanhengen. --Sigmundg 14. oktober 2009 kl. 00:15 (CEST)[svar]
Kategoristrukturen er ikkje det minst viktige, no som vi har vakse oss så store. --Knut 14. oktober 2009 kl. 08:36 (CEST)[svar]