Diskusjon:Hyllestad kommune

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Hyllestad)

Eg kan ikkje sjå at Juvkam nemner ikkje Bø sokn i oversikta si over endringar i kommunegrensene, der står berre at Hyllestad kommune vart skild ut frå Askvoll i 1862. I fylgje Arkivverket vart Hyllestad prestegjeld oppretta med sokna Hyllestad og Øn frå Askvoll og Bø sokn frå Lavik, og det verkar truleg at kommunen hadde same utstrekkinga ved opprettinga, sjølv om Juvkam ikkje verkar nemne Bø. Veit nokon kva som er rett? --Jorunn 13. desember 2008 kl. 02:08 (CET)[svar]

Fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane veit, Bø var med i kommunen frå starten, overførd frå Lavik. --Jorunn 13. desember 2008 kl. 02:41 (CET)[svar]