Diskusjon:Influensa A(H1N1)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

I NRK-dagsnytt sa dei akkurat at "for første gong er det påvist svineinfluensa hos griser" - det skulle vere i Canada, der ein grisebonde som kom frå reise i Mexico hadde smitta grisene sine. Men dette stemmer svært dårleg med det eg les i artikkelen vår. Eg skjønner at det kan ha å gjere med at ordet svineinfluensa har ulike tydingar (influensa som plar ramme gris, og den spesifikke influensaepidemien som har brote ut no) - men uansett må nokon kunnige rydje opp. --Knut 3. mai 2009 kl. 10:10 (CEST)