Diskusjon:Innvandring

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Folk som er i Noreg i korte periodar for å jobba, er vel ikkje innvandrarar? Ein innvandrar er vel ein person som slår seg ned i det landet han vandrar inn i? Og ein arbeidsinnvandrar er vel ein person som flyttar til eit anna land fordi det er lettare å få jobb eller høg løn der, ikkje ein person som jobbar i eit anna land enn han bur i? --Tannkrem 22:22, 28 oktober 2006 (UTC)

Sikter du til avsnittet som byrjar med Arbeidsinnvandrarar? Det kan nok skrivast litt om, men kanskje ikkje så mykje. Det er svært vanskeleg å vita kven som har kome ein stad for å bli verande, og kven som kjem til å dra tilbake. Dei fleste pakistanarane i Noreg kom t.d. til landet som "gjestearbeidarar". --Ranveig 11:38, 29 oktober 2006 (UTC)
Men i dag er det vel slik at dei fleste gjestearbeidarane frå t.d. Polen og Latvia ikkje tek med seg familiane, men reiser på anlegg, akkurat slik nordmenn gjer, utan å flytta til staden der dei jobbar. Dei som ikkje søkjer om varig opphald i Noreg, men berre jobbar her for ein kort periode, er etter mi meining ikkje innvandrarar. Om dei buset seg fast i Noreg, er dei innvandrarar. Det er då ikkje ein vanskeleg definisjon? --Tannkrem 12:06, 29 oktober 2006 (UTC)
Viss nokon kjem til Noreg om sommaren for å plukka plommer i Hardanger så er dei sjølvsagt ikkje innvandrarar. Men fleire gjestarbeidarar kjem for lengre enn ein sesong og vert verande over lengre tid og kan dimed kallast innvandrarar. Pakistanske innvandrarar, til dømes, kom til Noreg åleine, og henta familiane etter ei stund, og det er nokså klart i dag at dei er innvandrarar sjølv om dei kom som gjestarbeidarar. Poenget er at det er svært vanskeleg å vita når ein kjem til Noreg om han skal verta verande eller kjem til å venda attende. -- Arvind 12:37, 29 oktober 2006 (UTC)
Eg meiner det er feil å definera folk som innvandrarar før dei faktisk er innvandrarar. Uavhengig av om dei kanskje ein gong kjem til å busetja seg i Noreg. Her er jo arbeidsinnvandring definert som at folk jobbar i Noreg UTAN å slå seg ned, altså akkurat det de meiner er vanskeleg å vita. Slik det står no, er t.d. tilreisande forretningsfolk og utanlandske statsleiarar, politikarar og diplomatar definerte som innvandrarar. Turistar òg kan jo finna ut at dei har lyst til å flytta til Noreg, utan at det bør stå noko om dei i ein artikkel om innvandring. --Tannkrem 12:50, 29 oktober 2006 (UTC)