Diskusjon:Intoleranse

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er skilnad på liberalitet og liberalisme, det å vere liberal i ein eller annan samanheng, og det å vere liberalist i politisk meining. Kva betyr det for øvrig at intoleranse "gjerne" finst i samfunn bygd på "kollektivistiske prinsipp"? Var dei amerikanske sørstatane eit slikt samfunn? Enn det katolske Spania? --Erling 15. desember 2008 kl. 12:54 (CET)[svar]

Bokmålsartikkelen viser til (kjeldelause) nb:kollektivisme. Sjølv ville eg lagt mindre vekt på politiske forklaringar og meir på sosiologiske. Skal leita etter betre kjelder å bygga på. --Ranveig 15. desember 2008 kl. 14:47 (CET)[svar]
Det er fint om du gjer det:-) Artikkelen om kollektivisme på bokmål er svært politisk vridd, og forklarar svært lite, til dømes ikkje korfor veljarane til dei "liberale" partia i Tyskland strøymde over til nazistane mens dei (kollektivistiske?) sosialdemokratiske veljarane stort sett heldt stand. Eller korleis Pinochet-diktaturet eller Suharto-diktaturet samtidig kunne vere marknadsliberalistiske. --Erling 15. desember 2008 kl. 17:14 (CET)[svar]