Diskusjon:Isar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I aller siste lina har det snike seg inn noko litt uforståeleg: «naturlege reservat». Er det natur-reservat, altså verna område, eller område kor det er naturleg at fuglar held til, men som ikkje naudsynleg har formell vernestatus? --Ekko 08:33, 12 januar 2008 (CET)

Det kjem nok frå ei dårleg omsetjing frå engelsk til bokmål; i den engelske artikkelen står det: "There are a number of natural reservations along the Isar, including special protection areas for birds, for example the natural reserve Vogelfreistätte Mittlere Isarstauseen northeast of Moosburg. This area is an important resting place for migrating water birds. There has been evidence for more than 260 different species of birds, among them rare species like the Common Tern and the Bluethroat." --Tannkrem 09:09, 12 januar 2008 (CET)
Eg går til den tyske originalen og kontrollerar. --Ekko 09:23, 12 januar 2008 (CET)

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Isar[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Ganske enkelt slik bør ein artikkel om ei elv vera. --Ranveig 17:57, 2 mars 2007 (CET)

Eg er usamd med Ekko: raude lenkjer svekker ikkje i sg sjølv ein god artikkel (eg gjer då unnatak for renseanlegg, som bør forbli raud på denne wikipediaen). Knut 21:02, 14 mars 2007 (CET)
Raude lenkjer svekkjer artiklane, så lenge dei raude lenkjene er lenkjer til relevante tema. Og her har me ein artikkel om ei elv i eit geografisk område som er lite omtala på Nynorsk Wikipedia. Me må vera strenge med oss sjølve når me utnemner artiklar. Når artikkelen tilsvarer denne kan eg kanskje røysta for. --Tannkrem 21:33, 14 mars 2007 (CET)
Om Tannkrem har rett, kan berre artiklar på emne det er skrive mykje om frå før, verte gode artiklar. Og det er kanskje slik det bør vere, at lista bør ligge høgre på felt vi har få artiklar om? Men elles meiner eg at raude lenkjer skjemmer meir på ein framsideartikkel enn på ein god artikkel. Og blå lenkjer til frø og tynne spirer er verre enn raude... Knut 22:46, 14 mars 2007 (CET)
Einig i begge desse poenga. Det er sjølvsagt svært bra om ein god artikkel også viser vidare til mange andre gode artiklar, men i utnemninga er det teksten sjølv som tel. --Ranveig 23:13, 14 mars 2007 (CET)
Eg er òg til dels einig med Tannkrem om at det kanskje bør fyllast ut fleire relevante, raude lenkjer, men då helst av meir enn spirer og frø. Isar-artikkelen vart skrive i samband med geografimaratonprosjektet mitt. For å halde eit visst system i det, og for variasjonen sin del, har eg vald å ta geografien land for land alfabetisk i staden for område for område. Isar er ei elv i Austerrike òg, og vart oppretta i lag med ei rekkje andre austerrikske elvar. Mykje av Isar renn derimot gjennom Tyskland, som eg har skrive lite om enno. Men det kjem meir når eg kjem så langt. Kanskje meiningslaust å skrive om fjell «ingen har høyrt om» i Kroatia og slikt, men eg syns det er kjekt og lærerikt. Men eg har ikkje så lyst å røyste om artiklar eg sjølv har oppretta. --Frokor 23:02, 14 mars 2007 (CET)
Om me likevel fyller ut nokre av desse raude hola burde alle kunna bli glade! --Ranveig 23:13, 14 mars 2007 (CET)

Flytta frå Wikipedia-diskusjon:Gode artiklar/Kandidatar/Isar av --Tannkrem 13:27, 1 juni 2007 (CEST):
Er ikkje dette ein «God artikkel» no? Det står: Om alle innseiingar blir ordna og artikkelen får fire eller meir røyster for etter å ha lege på kandidatlista i minst to veker, kan han reknast som ein god artikkel.

Det er 5 som synes dette er ein god artikkel. Tannkrem synes at den er for tynn, mens dei andre meinar dette er passeleg. Er kravet for å bli ein god artikkel at Tannkrem blir overtydd og skal meine det same som alle andre? Har alle vetorett mot at ein artikkel skal vere God? Det same gjeld Jul. Hogne 12:24, 1 juni 2007 (CEST)

Ja, alle har vetorett, og slik må det vera. Det er mykje betre å ha mange nesten gode artiklar på kandidatlista eller i gløymeboka, enn å ha mange nesten gode artiklar på gode artiklar-lista. Artikkelen i seg sjølv har vorte "tjukkare" etter at eg sa han var for tynn. Men framleis meiner eg at ein geografiartikkel bør ha fleire blå geografilenkjer enn han har raude. Det er vel og bra å vita at Isar har utspring i Hinteraudalen, men det seier meg ikkje særleg mykje når eg aldri har høyrt om staden. Ein leksikonbrukar kan ha bruk for opplysningar om mange av dei stadene som det er lenkja til, men som ikkje har artiklar. Eg meiner ikkje at kvar einaste lenkja treng vera blå, men eg meiner at svært mange av dei raude lenkjene til geografiske stadnamn i denne artikkelen, er så sentrale at me må ha innhald der (ei brukbar geografispira er nok) om eg skal vera samd i at me har nok informasjon om elva til at me kan setja stjerna på artikkelen. Artiklane rundt er ein viktig del av heilskapen i artikkelen, særleg når hovudartikkelen i seg sjølv ikkje seier noko om dei stadene som det er referert til. Eg har t.d. ikkje peiling på kor Isar startar, etter å ha lese artiklar på nn:, anna enn at det er vest i Austerrike. Det er lenkja til Tyrol, men den artikkelen inneheld berre ei setning om geografi. Eg vil seia at når det er snakk om ei elv, vantar ein viktig informasjon om emnet om ein som ikkje alt kan ein del om geografi i Alpane ikkje kan finna ut kor ei elv startar.
I retningslinene til utnemning står det m.a. at ein god artikkel "gjer ikkje at ein sit igjen med spørsmål etterpå". Så lenge ein ikkje har lenkjer til artiklar i omlandet om den gode artikkelen (dette gjeld kanskje i særleg stor grad når det gjeld emnet geografi), vil ein lett kunna sitja att med spørsmål etter å ha lese artikkelen. Me vil då ha den situasjonen at leksikonbrukarar, etter å ha lese ein av dei som skal vera dei beste artiklane våre, kan måtta lesa ein betre artikkel som ikkje har same status, på eit anna språk, for å finna den informasjonen dei treng. Og det synest ikkje eg er bra for Nynorsk Wikipedia. Me bør stilla svært høge krav til dei gode artiklane våre, dei bør vera minst like gode som andre Wikipediaer sine gode artiklar.
Det er òg dumt å ha lenkjer til sjeldne fugleartar som er så sjeldne at dei ikkje har fått ein artikkel på nn: enno.
Og eg kunne ha tenkt meg eit oversiktskart som viser litt betre kor elva går. --Tannkrem 13:27, 1 juni 2007 (CEST)
Gode argument, Tannkrem, og fint at du utdjuper kva du meiner, slik at det blir lettare å retta opp. Så lenge dei ikkje er vondsinna bør mot-røyster ha stor vekt; ein artikkel skal vera overtydande god. Det er jul tydelegvis ikkje, ettersom han har få for-røyster, i tillegg til den eine mot. --Ranveig 13:33, 1 juni 2007 (CEST)
Har lagt til litteratur frå tysk wikipedia sin versjon av artikkelen, som den engelske utgåva baserer seg på. --Frokor 15:55, 28 juni 2007 (CEST)
Flytta kommentarar frå avrøystingsbolken til diskusjonsbolken:
  • Lista for gode artiklar ligg høgt og skal ligge høgt. Og då er eg nøydd til å vere samd i det Ekko skreiv ovanfor nedanfor. -- Knut 15:39, 28 juni 2007 (CEST)
  • No er den tyske kjeldelista referert, og sjølv om det så vidt eg minnest er gjort framlegg om å gjere dette på andre måtar, synest er artikkelen fortener god-merket.~ -- Knut 18:30, 28 juni 2007 (CEST)

No har eg fiksa endå litt på kjeldelista, så då skulle den innseiinga vere ordna. Når det gjeld det Tannkrem skriv om manglande støtteartiklar, så er det svært vanskeleg og finne informasjon om ein del av stadene det er lenka til (f.eks. Hinteraudalen, som han nemner). Både Wikipedia på tysk og engelsk manglar nokre av desse, og det er heller ikkje så mykje å finne andre stader på internett. Likevel har artikkelen om Tirol vorte utvida litt, så ein kan i alle fall finne ut sånn nokonlunde kvar elva har utspringet sitt. --EIRIK\diskusjon 17:50, 3 januar 2008 (CET)

No må denne vere grei og vel så det.stykkjet 17:53, 3 januar 2008 (CET)
Nei eg synest ikkje han er grei. Og heller ikkje vel så det. Eg ser framleis ikkje nokon stad noko utfyllande geografiinformasjon om området der elva kjem frå (Tirol har ei-to setningar, og det er ikkje meir enn på frø-nivå, sjølv om det er brukt spire-mal), og det denne artikkelen etter mi meining ha for at leksikonlesaren skal kunna vita det som han kan trengja å vita om dette oppslagsordet. Me treng ein god geografibolk på Tirol, Karwendel, Hinteraudalen, Scharnitz (og kanskje Lavatsch?) og/ eller meir om geografi på Isar før eg er samd i at dette er ein god geografiartikkel.
Eg tok også opp dette med dei sjeldne fuglane, makrellterne og blåhals. For å ikkje berre vera den slemme, kjipe fyren som blokkerer gode artiklar, prøvde eg å laga desse artiklane, om fuglar eg ikkje veit det spøtt om. Det viser seg at av dei leksikona eg har sjekka, er det ingen som seier noko som tyder på at makrellterna er spesielt sjeldan. Og blåhalsen finn eg ikkje informasjon om anna enn på dansk Wikipedia, og der er det svært lite. Så heller ikkje der har me dokumentasjon på at fuglen er sjeldan, slik denne artikkelen seier. Når slike opplysningar både manglar referansar og ikkje har lenkja til ein artikkel som stadfestar påstandane, får det meg til å lura på om opplysninga verkeleg stemmer, og om resten av artikkelen inneheld opplysningar som ikkje er verifiserte (trass i at han fekk ei kjeldelista til slutt). Slikt kan sikkert ordnast, dersom informasjonen faktisk finst i ei autoritativ kjelda kan me laga fotnotar, men eg veit ikkje om informasjonen finst, og kan ikkje lesa bøkene som står i kjeldelista, for eg kan ikkje tysk.
Så eg synest framleis artikkelen har eit lite stykke att, noko som for det meste anten skuldast manglande støtteartiklar eller kan bøtast på ved hjelp av støtteartiklar. --Tannkrem 21:38, 9 januar 2008 (CET)
Retting: Blåhals, eller blåstrupe, er heller ikkje særleg sjeldan, etter kva eg kan sjå. Men han finst andre stader enn på da:. --Tannkrem 21:43, 9 januar 2008 (CET)
Å sette inn ei literaturliste ein sjølv ikkje har lese og kan gå god for er ikkje bra. (I vitskapeleg samanhang er det svindel) Då skriv ein heller «Sprett, P: Å finne gulrøtter. Ref. i Brum, O. Frykt og avsky i hundremeterskogen. Trangvik 1997.» når ein ikkje har boka til Sprett tilgjengeleg. Og tilsvarande: når ein ikkje har dei originale kjeldene får ein nøye seg med Omsatt frå engelsk, som nyttar.... Ekko 22:05, 9 januar 2008 (CET)

Kjeldelista er no endra i tråd med Ekko sitt framlegg. I tillegg har eg skrive om Hinteraudalen og prøvd å få inn meir geografisk informasjon i nokre av artiklane rundt dette emnet, i tillegg til at eg har prøvd å plassere dei i høve til andre meir kjende stader, som t.d. Innsbruck. Det er også rimeleg få raude lenkjer i artikkelen no. Kva synest de? --EIRIK\diskusjon 22:44, 11 januar 2008 (CET)

Ja, no kjem det seg. Tirol og Scharnitz gjev no ein grei peiling på kor staden er, og jamvel korleis det ser ut der. Men eg har framleis problem med kjeldene. Når kjeldelista ikkje er lesen av nokon som er her, treng me konkrete referansar for konkrete faktaopplysningar, særleg når eg har oppdaga at dei sjeldne fuglane ikkje såg ut til å vera sjeldne i det heile. Me treng i det minste å sjekka ut ting som opplysningane i faktaboksen, historiske fakta og liknande, som er heilt konkrete opplysningar som det ikkje bør vera altfor vanskeleg å finna dokumentasjon på. --Tannkrem 07:32, 12 januar 2008 (CET)

No såg eg akkurat over punktet om verna område. Eg trur at ein grunnleggjande feil med artikkelen er at han er omsatt for mange gongar. For kvar omsetting snik det seg inn uklåre ting og feil, ikkje noko rart med det, ein kan ikkje vera ekspert på alt. Men det blir litt som eit dokument kor det har blitt for mange kopiar av kopiar av kopiar. Difor trur eg det beste er om ein legg heile nominasjonen på is, og går til den tyske originalen (som er merka som utmerka) og les korrektur på heile artikkelen her. T.d. er snakket om sjeldne dyreartar truleg ei misforståing, originalen snakkar om at ein del artar er truga ved Isar, altså at dei forsvinn frå elva. Alvorleg nok, men noko anna enn at dei er sjeldne. Eg ser gjerne at me gjer dette ferdig, no som så mange har lagt så mykje arbeide er blitt lagt ned, og nokre tyskkunnige er me vel her? --Ekko 09:45, 12 januar 2008 (CET)

Einig. Og nett no er eg godt nøgd med at me to har lukkast i å blokkera denne utnemninga i nesten eit år. Men særleg tyskkunnig er eg ikkje. --Tannkrem 10:02, 12 januar 2008 (CET)
Ja, då er det berre å vente på at Ekko tek seg av resten. :-) Elles er eg òg ganske nøgd med at nye ting har kome opp heile tida. På den måten får vi ein mykje betre artikkel når han til slutt er heilt klar. --EIRIK\diskusjon 12:44, 13 januar 2008 (CET)
Ja, eg likar slik kollektiv handling for framgang. Bra blir det òg. --Ekko 14:07, 13 januar 2008 (CET)
Eg ser de trur eg skal ta korrekturen. I kveld er det skiføre (hurra!), dessutan treng eg ordboka frå jobben. I moggon....Ekko 15:47, 13 januar 2008 (CET)

Dersom nokon kan korrekturlese frå soge og ut trur eg dette er ein god artikkel. --Ekko 21:35, 14 januar 2008 (CET)

Korleis tolkar de at ho er den fjerde lengste elva i Bayern? Eg trur det er slik at om ein berre måler lengda av elvane innafor grensene til Bayern så er ho den fjerde lengste, men det burde kanskje vore presisert betre? Ut i frå total lengd er seks elvar lengre (Donau, Rhinen, Main, Elva Inn, Saale, Eger), eller fem om ein ikkje reknar med Rhinen som ikkje renn gjennom Bayern (Rhinen vert stundom rekna som ei bayersk elv sidan Bayern grenser til Bodensjøen som Rhinen gjennom). Berre 35 km av Eger eller Ohre renn t.d. i Bayern og Tyskland og er sikkert ei av dei kortaste elvane innafor Bayern. Ut frå vassføring er ho den femte største elva i Bayern (etter Donau, Inn, Salzach og Lech). Det kunne kanskje òg vore nemnd (så er me liksom betre enn den tyske ;-) ) --Frokor 08:23, 15 januar 2008 (CET)
Ja, fiks det. Det er òg fint om ein eller annan kan sjekka heile teksten og harmonisera språket slik at den originale teksten til Frokor og Ekko sine nye avsnitt har ein eintydig stil. Og kanskje det er ein idé å sjå på om nokon av avsnitta bør kortast ned etter at det kom eit par nye avsnitt. Til dømes er det no to avsnitt som seier noko om kva slags fuglar som finst. Men dette er berre finjusteringar, artikkelen er god. --Tannkrem 20:41, 15 januar 2008 (CET)

Røysting[endre wikiteksten]

  • For For stykkjet 14:49, 9 mars 2007 (CET)
  • For For --EIRIK\diskusjon 15:55, 9 mars 2007 (CET)
  • For For Hogne 19:52, 14 mars 2007 (CET)
  • Imot Imot Ein del ulogiske ting, siste delen av "Soge" er for stutt sånn at det blir lite samanhang i skildringa av korleis elva endrar karakter dei siste to hundre åra. Veldig mange raude peikarar. --Ekko 20:30, 14 mars 2007 (CET)
  • For For Har rydda litt. Men ei lita bolk om «Byar langs elva» vil gjera han betre. --Ekko 18:52, 30 mars 2007 (CEST)
  • For For Knut21:02, 14 mars 2007 (CET)Ventar med å røyste til nokon har saumfare artikkelen opp mot den tyske, gode artiklar må ha korrekt informasjon --Knut 10:31, 12 januar 2008 (CET) - Knut 22:47, 14 januar 2008 (CET)
  • Imot Imot. Artikkelen er for tynn enno rett og slett ikkje korrekt og god nok. --Tannkrem 21:33, 14 mars 2007 (CET)
  • For For. Eg gjekk tom for viktige innvendingar. --Tannkrem 20:41, 15 januar 2008 (CET)
  • For For Ein kan sjølvsagt skriva meir detaljert, men det kan bli for mykje av det òg. Etter mi meining oppfyller han krava om å fortelja nok om emnet sitt. --Ranveig 23:13, 14 mars 2007 (CET)
  • For For --Gunnernett 14:35, 1 juni 2007 (CEST)

*Imot Imot Eg skiftar meining igjen. Ein alvorleg feil med artikkelen er at den ikkje har ei einaste kjelde, anna enn engelsk wikipedia. Og då er han ikkje god, i mine auge. --Ekko 14:31, 28 juni 2007 (CEST)

  • For For Ikkje det at han ikkje kan bli betre, men god, det er han. --Ekko 22:07, 14 januar 2008 (CET)
  • For For --Bep 21:40, 15 januar 2008 (CET)