Diskusjon:Isolerte språk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Terminologi: Er eit isolat verkeleg eit «isolert språk»? Det fine med termen er for så vidt at han er eit adjektiv, og dermed praktisk, så eg skal ikkje protestere, men for meg høyrest det litt rart ut. Ungarsk, stakkars, er isolert der nede i sørvest, langt vekk frå alle slektningar, men det er i alle fall slektningar. Eg ser på nettet at det blir brukt på engelsk (isolated language), av ein eller annan grunn har eg berre vore borti «an isolate», og sjølv sagt «eit isolat». Bill.mrk. «Undrande». Trondtr 21. august 2005 kl. 21:47 (UTC).

Kjære bill.mrk. «Undrande»,
Eg har også hatt liknande tankar som dei du har. Sjølv har eg høyrt om «eit isolat», og ofte om «isolatspråk» òg — men har vel ikkje eigentleg møtt noko «isolert språk» i den tydinga før på norsk. Mistenkjer nok at dette er ei omsetjing frå engelsk som gjekk litt for fort i svingane... :] Trur kanskje det er best å flytte artikkelen til isolatspråk med omdirigeringar frå isolert språk og isolerte språk (sidan dette er former folk lett kan komma til å leite på i vår anglosaksiske tid), og dessutan frå Isolat (språk), Isolat (lingvistikk), språkisolat, språkleg isolat og lingvistisk isolat. Oppslagsforma isolat bør vel helst vera fleirtyding, sidan dette ordet har ulik tyding i t.d. lingvistikk og psykiatri... -- Olve 22. august 2005 kl. 00:41 (UTC)