Diskusjon:Isoton

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Innafor medisinen tydar isoton med same spenning som (frå gresk isos lik og tonos spenning), gjerne i tydinga med same osmotisk styrke som blod. Til dømes kallar me ei løysing på 0,9 mg/ml NaCl i vatn for ei isoton løysing. Fleirtydingsside? --Ekko 23:48, 22 januar 2007 (CET)

Ja, gjerne for meg. Tok det ikkje med her, men leste i den engelske utgåva at årsaka til at isoton i denne samanhengen vart kalla nettopp dette var fordi det omhandla same mengd nøytronar, slik som isotop omhandlar same mengd protonar. Derfor vart berre bokstaven på slutten bytta ut frå p til n. Var ikkje klar over at det var fleire tydingar. --Frokor 00:04, 23 januar 2007 (CET)
Tenkjer du ut eit godt namn på klumpane og eg på væska? --Ekko 05:17, 23 januar 2007 (CET)
Endrar meining, du var først. Sett inn line øverst her. --Ekko 08:48, 23 januar 2007 (CET)
Me kan godt ha ei fleirtydingsside om du heller vil det, og flytte denne isotonartikkelen over til Isoton i kjernefysikk eller noko slikt. For meg er det akkurat det same. Eg oppretta han berre for å fylle ut ei raud lenkje ein annan stad. --Frokor 11:30, 23 januar 2007 (CET)
Nei, for når eg tenkjer meg om kjem det aldri til å bli fleire enn to artiklar. Og då er denne måten grei, synest eg. Skal berre lage ei tilvising frå den andre og hit. --Ekko 12:06, 23 januar 2007 (CET)