Diskusjon:Ivar Medaas

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

---Innlegg kopiert hit frå Brukardiskusjon:Kurtber av Kurt sjølv---

Ivar Medaas[endre wikiteksten]

Eg har retta attende til hjerneslag i artikkelen om Ivar Medaas. Som du vil sjå har ei av kjeldene du nytta, Bokmeldinga, også endra teksten til hjerneslag. Som lokalavisjournalist i Nordhordland på 1990-talet laga eg saker som omhandla Ivar Medaas ved eit par høve, og eg kan aldri hugse snakk om at han hadde hatt hjarteinnfarkt, men hjerneslag hugsa eg godt at han hadde. At han vart delvis lamma er også typisk for hjerneslagpasientar. Du vil også sjå på Google at du finn fleire treff på Ivar Medaas og hjerneslag, men ingen om hjarteinnfarkt. Eg har gjort same endringa på no. Floyd 27. nov. 2005 kl. 14:29 (UTC)

---Slutt på innlegg kopiert hit frå Brukardiskusjon:Kurtber av Kurt sjølv---

-Eg skal legge korta på bordet og innrømme: Eg har ikkje peiling, og må stole på andre, men når eg søkjer får eg 14 treff på "Ivar Medaas hjerneslag" og 29 treff på "Ivar Medaas hjerteinfarkt" (med ein -n-). Altso fleire treff på hjerteinfarkt - men det provar rett nok ingenting...
-Det ER slåande at dei fleste søkeresultata kjem frå BergensAvisen, VG, Aftenposten, Dagbladet, Nettavisen og Nationen; med andre ord journalistar. Det er langt frå usannsynleg at dei har fått informasjonen om hjerteinfarkt frå feilinformasjon i Wikipedia (setningane er ganske like over alt) - det er i so fall litt pinleg...
-Er du heilt sikker på at han fekk hjerneslag? Er det nokon andre som har nokon kjelder å vise til? (det står ikkje noko om dødsfallet i CapLex.no)/ Kurtber|Ordskifte 6. des. 2005 kl. 13:41 (UTC)
  • Bergens Tidende skriv slag, og ettersom dei har skrive eiga sak (og ikkje berre brukt NTB si melding) og er regionavisa Medaas sokna til, tippar eg dei har rett. *ballade.no skriv det same, men dei ser ut til å basera seg på artikkelen frå BT.
Han vart ufør etter ei hjerneblødning, så det stemmer i og for seg at han vart ramma av hjerneslag. Eit anna spørsmål er kva dødsårsaka var. Der er mitt inntrykk at det var hjarta som svikta, men det er absolutt muleg at eg hugsar feil der. -- Olve 6. des. 2005 kl. 19:52 (UTC)
Viss dødsårsaka skal stå må ho vera rett, men kvifor skal det stå kva han døydde av? Er det viktig? I Norsk pop- og rockleksikon står det berre: «Han døde 7. januar 2005.». Det held om døden hans.
Så lenge folk får døy ein naturleg død er det sjelden naudsynt å skrive om dødsårsaka i ein biografiartikkel. Dette tilfellet viser også kor vanskeleg det er å finna sikker informasjon om dødsårsaker, sjølv for personar som døydde i Noreg dette året er det vanskeleg.--Jorunn 7. des. 2005 kl. 02:05 (UTC)
Når det er sagt så handla ikkje setningen Floyd endra om dødsårsaka frå 2005, men om det som skjedde i 1995. Om det skriv Norsk pop- og rockleksikon: «Ivar Medaas ble rammet av slag i 1995 og dette lammet ham i kroppens venstre side». Dei skriv vidare att han klarte å trena seg opp att slik at han gjenvann taleevna og at han inntok scena att i 1997. Og det dei då skriv om må vel vera hjerneslag/hjerneblødning? Det kan sjølvsagt henda at det kom andre plager som hjarteinfarkt attåt, men hovudgrunnen til at han vart rullestolbunden verkar vere hjerneslag. --Jorunn 7. des. 2005 kl. 03:09 (UTC)