Diskusjon:Jan Garbarek

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"eksperimentell musikk."[endre wikiteksten]

Min påstand er at all musikk er eksperimentell. Dette blir "kjøt på flesk" og gir ingen meirverdi i skildringa av musikken. Dette trekker også ein parallell til Jan Garbarek sin musikk. Dette kan vere korrekt iom. at Jan Garbarek er sterkt nærverande på dottera sine plater, men musikken er vel eigentleg ikkje samanlignbar - i alle fall ikkje av det enkle begrepet "ekperimentell".

Jan Garbarek er nabo av meg. Eg kan spørje han neste gong eg møter han... Bep

Eg er einig i at "eksperimentell" er eit temmeleg vidt omgrep. Det eg meiner er at begge er nyskapande. Vil dette passa betre?
For øvrig er det ikkje sikkert at artisten sjølv alltid er den beste til å vurdera sin eigen stil samanlikna med den til andre... -- Ranveig 23. jan 2005 kl. 2017 (UTC)
Nyskapande er betre, sjølv om det ikkje seier mykje om musikken. Samd i at musikaren ikkje har mykje å bidra med her; eg tok det berre med for å poengtere at eg er nabo til Jan Garbarek... Eg endrar til nyskapande so får me sjå... --Bep 23. jan 2005 kl. 2025 (UTC)
Dette kan bli farleg for deg - nå bør du nesten skaffa bilete av han òg! -- Ranveig 23. jan 2005 kl. 2135 (UTC)
Vel, eg er eigentleg ingen paparazzi. Eg får heller ta med kamera neste gong eg er på konsert med han. Reint generelt kjem eg til å ha Wikipedia i tankane bak fotoapperatet. Det blir litt tungvindt med desse kopirett-tankane så lenge ein ikkje er fotografen.
Same her - endeleg har eg ein grunn til å ta bilde av ting og område utan å ha med folk. -- Ranveig 25. jan 2005 kl. 2314 (UTC)