Diskusjon:Japansk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I denne setninga:

Det er mange teoriar om slektskap mellom japanske og andre språk, m.a. med koreansk og altaiske språk, men det er ikkje haldbare argument for nokre av desse slektskapsteoriane.

stussa eg litt på "for nokre av desse". Meinte du å skriva "nokon" i staden for "nokre". Når det står "nokre" tyder eg det som "sume" og då vil lesaren (eg i dette tilfelle) oppfatta det som om det finst haldbare argument for dei teoriane som ikkje er med i "nokre/sume". Eller tek eg feil? Har du nytta "nokre" i tydinga "ingen"? --Sigmundg 13:24, 4 november 2006 (UTC)

Min feil, eg missa den nyansen, endrar til nokon. Trondtr 13:39, 4 november 2006 (UTC).

Malproblem?[endre wikiteksten]

I infobiksen står det mellom anna: «Japansk språktalande i alt:». Det burde vel stå «Japansktalande i alt:»? --Sigmundg 7. november 2009 kl. 12:37 (CET)[svar]